
Kven fortener Næringslivsprisen i Sykkylven 2026?
Næringslivsprisen 2026 vert utdelt under kommunestyremøte før jul, og skal påskjønne den eller dei som har gjort ein ekstra innsats for lokalt næringsliv det siste året. No kan du melde inn kandidat!
Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Næringslivsprisen 2026 vert utdelt under kommunestyremøte før jul, og skal påskjønne den eller dei som har gjort ein ekstra innsats for lokalt næringsliv det siste året. No kan du melde inn kandidat!

Arbeidet er i gang med å etablere Studiesenter Sunnmøre. Målet er å gjere det enklare for vaksne å utvikle kompetansen sin – utan å måtte flytte eller ta lange avbrekk frå jobb og kvardagsliv.

Magnus Løseth er vald til ny styreleiar i Sykkylven Industri- og Næringslag. Saman med styret, som også har fleire nye medlemar, vil han byggje vidare på arbeidet som er lagt ned frå tidlegare.

Etter fleire år som styremedlem tek Bergljot Hjortdal no over som styreleiar i Sykkylven Næringsutvikling. Vi har intervjua ho om hennar tankar for vegen vidare:

Vi ønskjer Degirmenci Eigendom velkomen som medlem i Sykkylven Industri- og Næringslag!

Vi ønskjer Trafsys hjarteleg velkomen som nytt medlem i Sykkylven Industri- og Næringslag!

Som ein del av tf UNG under Teknologifestivalen fekk 9. klassingar besøke Ekornes for å lære meir om korleis ei moderne bedrift fungerer, og kva moglegheiter som finst i arbeidslivet.

2,3 millionar kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og 450 000 frå Sparebank 1 SMN - til etablering av Studiesenter Sunnmøre, med base i Sykkylven.

21. mai arrangerte Reiselivsforum Sykkylven studietur til Hareid. Med på laget var også Aura -Påls vener og Bonde- og Småbrukarlaget for å hauste erfaringar for utvikling av attraktive opplevingar.