Kaitrappa i Sykkylven - etablere bedrift

Etablere bedrift

Er du vår neste gründer?

Opp gjennom historia har Sykkylven husa eit mangfold av gründarar med pågangsmot og gode idear. Kanskje er du vår neste gründer?

Vi er di støtte i oppstarten

Som nyetablerar i Sykkylven kan du vere ein god kandidat for støtte og rådgiving gjennom fleire av våre program.

Gjennom Hoppid kan du få etablerarhjelp både i form av støttemidlar, rådgjeving og ulike kurstilbod, fysisk og digitalt.

Går du med ein gründeridé? Ta gjerne ein uforpliktande prat med oss.

Book eit møte med di lokale Hoppid-kontakt, på post@skaparglede.no

Hoppid - støtte til gründerar

Hoppid

Hoppid.no kan bidra med:

  • sparring om forretningsidé og forretningsmodell
  • rettleiing i regelverk rundt etablering av bedrift
  • rettleiing om finansiering
  • kopling til innovasjonsmiljø og bransjespesifikk kompetanse
  • økonomisk støtte (avklaringsmidlar)

Hoppid-midlar er eit lavterskel tilbod til deg som har planar eller ynskje om å starte di eiga bedrift, og er ei støtte gitt i tidleg fase. Desse midla skal gi ei avklaring, eller starthjelp til å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for vidare satsing.

Ein kan få inntil kr. 40 000,- i støtte for å finne ut om, og korleis forretningsideen kan bli utvikla til ei levedyktig bedrift. Midlane kan mellom anna gå til bedriftsrådgivning, marknadsundersøkingar, forretningsutvikling, prototyping o.l. Fysiske investeringar kan ikkje Hoppid gi støtte til.

Her kan du lese meir om Hoppid og kursprogrammet Hoppid.no OPPSTART

Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon og rådgivning, på: lill@skaparglede.no

Hugs også å følge med på aktivitetskalenderen "Kva skjer?" for aktuelle Hoppid-kurs. Du kan også melde deg på vårt nyheitsbrev nederst på sida.

SkaparLINKEN kontorfellesskap

Cowork eller anna næringslokale

Velkomen til coworken SkaparLINKEN - kontorfellesskap, møteplass og nettverksarena.

Her har vi møterom, cellekontor, ope fellesareal eller kontorplass i ope landskap, til leige for korte og lengre periodar.

Næringslokale eller næringsareal i Sykkylven?

Treng du større eller mindre lokaler til di bedrift? På utkikk etter næringsareal i Sykkylven? Kanskje har du eit lokale eller areal til disposisjon? Her fins både offentlege og private eigedomar som kan vere aktuelle. Ta kontakt, kanskje kan vi hjelpe deg å finne noko.

Siste nytt

Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Gründer
held-koken-etter-opning

Held koken etter opning

Etter at både Gullnåla opna og Jord og Fjord flytta inn i nye lokale før sommaren, har interessa frå kundane vore stor - sjølv om hausten har bydd på rolegare dagar.

Gründer
popup-x-ramo-studio

POPUP x Ramò Studio

Frå 4. oktober tar Ramona frå Ramò Studio over i POPUP'en i Aure sentrum. Ho produserer handstøpte lys, duftlys og interiørartiklar som er både unike og handlaga med stor kjærleik og presisjon.

Gründer
hole-geoscanning

Hole Geoscanning AS

Helga Hole og Espen Hove fortel om oppstarten av Hole Geoscanning AS og kompetanseprogrammet SMB-utvikling.