Studiesenter Sunnmøre skal gjere det enklare å ta utdanning der du bur
Arbeidet er i gang med å etablere Studiesenter Sunnmøre. Målet er å gjere det enklare for vaksne å utvikle kompetansen sin – utan å måtte flytte eller ta lange avbrekk frå jobb og kvardagsliv.

Korleis kan Sunnmøre vere ein attraktiv region å bu og arbeide i – også om 10 eller 15 år? For prosjektgruppa bak det nye Studiesenter Sunnmøre handlar mykje om å leggje til rette for at menneske kan utvikle seg gjennom heile arbeidslivet.
Studiesenteret skal vere ein motor, meglar og møteplass for kompetanse i regionen.
Som motor skal senteret kartleggje kva kompetanse næringslivet og det offentlege treng. Som meglar skal det kople behova med relevante universitet, høgskular og fagskular. Og som møteplass skal det leggje til rette for at utdanning kan gjennomførast desentralisert.
– Studiesenteret skal møte behovet der det er, når det er der, seier nytilsett leiar Clara Aarseth-Strømmegjerde.
Utdanning tilpassa arbeidslivet
Tanken er at ein ikkje nødvendigvis skal måtte flytte eller pendle langt for å ta vidareutdanning. Studia vil i stor grad kunne vere nettbaserte deltidsstudium, kombinert med enkelte fysiske samlingar.
Sjølve studiesenteret får base i Sykkylven men studiesamlingane kan leggjast til ulike stader i regionen, avhengig av kvar behovet er størst. I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt å gjennomføre studium direkte i ei bedrift.
Dette kan gi både lågare kostnader og mindre fråvær frå jobb enn ved tradisjonelle studieløp.
Målet er å leggje til rette for «pluss-studenten» – den som skal kombinere utdanning med jobb, familie og resten av livet.
For næringslivet kan det også vere ein måte å utvikle kompetansen ein allereie har i bedrifta.
– I staden for å måtte rekruttere inn ny kompetanse, kan ein kanskje utvikle kompetansen hos ein medarbeidar som allereie kjenner bedrifta godt, seier Clara.
Eit samarbeid på tvers
Studiesenter Sunnmøre er eit regionalt initiativ, og fleire aktørar har gått saman om satsinga. Prosjektgruppa består mellom anna av Sykkylven Næringsutvikling, Sykkylven Industri- og Næringslag, Stranda og Sykkylven vidaregåande skule, Droneakademiet, MAFOSS og Denne Stranda.
Samarbeidet viser at behovet for eit slikt tilbod blir sett frå fleire hald.
– Vi har mange sterke aktørar på Sunnmøre, men vi står endå sterkare når vi jobbar saman. Eg håpar næringslivet ser på studiesenteret som ein viktig samarbeidspartnar, og at vi blir ein naturleg aktør å ta kontakt med når ei bedrift ser eit kompetansebehov, seier Clara.
For prosjektgruppa er kompetanseheving også tett knytt til den langsiktige utviklinga av regionen. Eit meir tilgjengeleg utdanningstilbod kan bidra til at bedrifter får tilgang på relevant kompetanse, samtidig som innbyggjarane får fleire moglegheiter til å utvikle seg utan å måtte flytte.
Frå innsikt til konkrete studietilbod
Den første fasen handlar om å finne ut korleis studiesenteret best kan organiserast og kva tilbod det er behov for.
Prosjektgruppa skal mellom anna hente erfaringar frå andre studiesenter og lytte til behov og innspel frå næringslivet og offentlege aktørar. Slik kan vi få eit godt bilete av kva kompetanse regionen treng, og bruke dette som utgangspunkt for å utvikle relevante og framtidsretta studietilbod.
På sikt er målet at Studiesenter Sunnmøre skal bli ein naturleg samarbeidspartnar for verksemder som ønskjer å utvikle kompetansen sin – og ein viktig del av arbeidet med å gjere Sunnmøre til ein attraktiv region også for framtidas arbeidsliv.
På bildet: Prosjektgruppe Studiesenter
Karoline Blakstad Ekornes Myklebust og Kurt Roger Sørgård (Næringsfabrikken), Stig Gunnar Støylen (Stranda og Sykkylven VGS), Per Kjetil Våtmyr (Sykkylven Industri- og Næringslag), Clara Aarseth-Strømmegjerde (Leiar Studiesenter Sunnmøre), Barbro Midtgård (Stranda og Sykkylven VGS), Åsne Folstad (Sykkylven Næringsutvikling), Marie Kvalsnes Nygård (Denne Stranda), Magnus Løseth (Sykkylven Industri og Næringslag)
Alexander Sandnes (Droneakademiet) og Jan Thormodsæter (MAFOSS) var ikkje tilstades.