Siste nyttNæringsforeninga
Ny styreleiar i Sykkylven Industri- og Næringslag
Magnus Løseth er vald til ny styreleiar i Sykkylven Industri- og Næringslag. Saman med styret, som også har fleire nye medlemar, vil han byggje vidare på arbeidet som er lagt ned frå tidlegare.

Magnus Løseth er vald til ny styreleiar i Sykkylven Industri- og Næringslag for det komande året. Saman med styret, som også har fleire nye medlemar, vil han byggje vidare på arbeidet som er lagt ned frå tidlegare.
Eg er takksam for tilliten og ser fram til å ta fatt på oppgåva saman med resten av styret. Sykkylven Industri- og Næringslag har gjennom mange år vore ei viktig stemme for næringslivet i kommunen, og det er naturleg for oss å halde fram på den gode kursen som er staka ut.
Løseth peikar på at næringslaget skal halde fram med å arbeide for saker som er viktige på tvers av næringslivet.
Vi har mange sterke medlemsbedrifter med ulike behov, men også mange felles interesser. Styret vil halde fram arbeidet med å fremje gode rammevilkår, løfte viktige næringssaker og vere ein konstruktiv samarbeidspartnar for kommunen og andre aktørar. Gjennom ei samla stemme kan vi bidra til gode vilkår for vidare vekst og verdiskaping i Sykkylven.
Han rosar arbeidet som er gjort av dei som har gått føre.
Det er gjort mykje godt arbeid gjennom mange år, og det ønskjer vi å byggje vidare på. Styret skal vere ein aktiv støttespelar for medlemsbedriftene og arbeide for at Sykkylven framleis skal vere ein attraktiv kommune å etablere, utvikle og drive næringsverksemd i.
Styremedlemer i Sykkylven Industri- og Næringslag:
Magnus Løseth, styreleiar
Synnøve Kristin Espe Solheim, nestleiar
Kurt Roger Sørgård
Andrea Ørjasæter Aaland
Lidvar Andre Nilsen, varamedlem
Andreas Josefsen, varamedlem