Saman om utvikling

I Sykkylven Næringsutvikling jobbar vi for å skape gode vilkår for næringslivet og bidra til at Sykkylven er ein attraktiv stad å bu, arbeide og drive verksemd i. Mange av utfordringane og moglegheitene vi møter, kan ikkje løysast av éi bedrift eller éin aktør åleine. Derfor handlar mykje av arbeidet vårt om å samle folk, kople miljø og få gode idear til å finne vegen vidare. Scroll ned for å lese litt om det vi gjer.

Dronefoto av Sykkylven sentrum

Ei langsiktig satsing på omstilling

Då vi fekk nyss i at Sykkylven kunne søkje om å bli omstillingskommune, såg vi raskt kva moglegheiter ei slik satsing kunne gi for bygda vår. Vi fekk kommunen med på laget og saman la vi grunnlaget for det som skulle bli eit stort og viktig utviklingsarbeid for Sykkylven. Frå 2021 til 2026 har Omstillingsprogrammet gitt næringslivet ekstra kraft til å arbeide med utvikling, omstilling og nye arbeidsplassar.

Gjennom perioden har ei lang rekke bedrifter, prosjekt og initiativ fått støtte til å utvikle idear, styrkje kompetansen og utforske nye moglegheiter. Prosjektleiar Lise Haukeberg fortener stor honnør for måten ho har følgt opp menneske, prosjekt og moglegheiter gjennom desse åra. Sykkylven Næringsutvikling har vore tett på arbeidet gjennom heile perioden, mellom anna med kommunikasjon, koordinering og oppfølging av ulike initiativ.

Omstillingsprogrammet går no mot slutten, men vi håper mykje av det som er bygd opp gjennom desse åra, kan leve vidare. Erfaringane, nettverka og samarbeida som er etablerte, gir eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med å utvikle Sykkylven.

Reisemålsutvikling i Sykkylven

Reiseliv og attraktive opplevingar

Sykkylven har mykje å by på, både for dei som bur her og for dei som kjem på besøk. Eit godt reiseliv kan bidra til aktivitet, arbeidsplassar og verdiskaping, samtidig som det kan vere med på å gjere bygda til ein endå betre stad å bu og leve. Derfor har det vore viktig å sjå på korleis vi kan utvikle reiselivet på ein måte som også kjem lokalsamfunnet til gode.

Gjennom reisemålsprosessen i 2021 vart det kartlagt kva vi har av ressursar, utfordringar og moglegheiter, og arbeidet resulterte i ein masterplan for vidare utvikling av Sykkylven som reisemål. I dette arbeidet har Sykkylven Næringsutvikling bidratt med å koordinere og leggje til rette, i tett samarbeid med kommunen og aktørane i næringa. Som ein del av arbeidet vart også Reiselivsforum etablert – ein møteplass for aktørar innan reiseliv, handel og opplevingsnæringane, der ein kan dele erfaringar, finne samarbeid og saman utforske nye moglegheiter.

Reiselivsarbeidet handlar ikkje berre om å utvikle nye tilbod, men også om å gjere det som allereie finst, lettare å finne. Gjennom destinasjonsnettstaden sykkylven.com og brosjyren Opplev Sykkylven bidreg vi til å samle og formidle noko av det Sykkylven har å by på. Brosjyren kjem ut i både sommar- og vinterutgåve og løftar fram aktivitetar, opplevingar, lokalt næringsliv, handel og andre tilbod. Det er dei mange lokale aktørane som skaper innhaldet og opplevingane – vår rolle er å bidra til at fleire får auge på alt det som skjer i Sykkylven.

Har du innspel til noko som bør vere på sykkylven.com eller i Opplev Sykkylven brosjyra?

Meld inn her (Microsoft Forms-skjema) eller send til helene@skaparglede.no

Samskaping mellom skule og næringsliv i Sykkylven

Skule, kompetanse og framtidas arbeidsliv

Vi ønskjer å bidra til at fleire unge ser moglegheitene som finst i Sykkylven, samtidig som næringslivet får tilgang på den kompetansen dei treng. Skulenær er eit døme på korleis vi kan byggje bru mellom næringslivet og skulen. Gjennom samarbeidsforumet møtest lokalt næringsliv og skulane for å snakke om kva kompetanse næringslivet treng i framtida, og korleis utdanningstilbodet kan bli meir relevant for desse behova.

Målet er å bidra til eit utdanningstilbod som i større grad møter framtidas behov, og samtidig styrkje den vidaregåande skulen i Sykkylven. Vi ønskjer også å vere ein pådrivar for at ungdom tidleg får kjennskap til arbeidslivet, bedriftene og moglegheitene som finst lokalt.

3D-strikking og teknologi i Sykkylven

3D-Knitting & Technology

Ny teknologi kan gi nye moglegheiter for både eksisterande og nye bedrifter. Derfor ønskjer vi å bidra til at kompetanse og idear som finst i Sykkylven, blir tekne i bruk og utvikla vidare. 3D-Knitting & Technology er eit døme på dette. Senteret har ein unik kompetanse på 3D-strikking, med fagfolk som har lang erfaring frå Japan, og teknologien kan brukast til langt meir enn tradisjonelle tekstilprodukt.

Vi såg tidleg verdien av å få denne kompetansen til Sykkylven og har bidratt med administrasjon og rekneskap i oppstartsfasen. Gjennom eit FOU-prosjekt blir teknologien også utvikla vidare og nye bruksområde utforska. Målet er å finne fleire produkt og produksjonsmoglegheiter som kan skje i Noreg – og på sikt skape ny verdiskaping gjennom kompetansen som allereie finst her.

3D-Knitting & Technology er eit nasjonalt senter for kompetanse, demonstrasjon og opplæring/support innen 3D-strikking. Senteret vart etablert i Sykkylven i 2018.

Selskapet sine største aksjonærar er AMATEC, EKORNES og FLAKK MANAGEMENT. Sykkylven Næringsutvikling AS bistår selskapet med administrasjon og regnskap i oppstartsfasen.

Nærbilde av to menn som smiler og samtaler, og 6 andre som går forbi eller står bak.

Møteplassar for industri og næringsliv

Bransjetreffet for designindustrien og Teknologifestivalen er døme på møteplassar vi er med på å skape fordi vi trur det skjer noko verdifullt når folk frå ulike bedrifter og fagmiljø møtest. Næringslivet i Sykkylven og på Sunnmøre sit på mykje kunnskap og erfaring, og vi ønskjer å gjere det lettare å dele denne på tvers av bedrifter og bransjar.

Teknologifestivalen har på kort tid blitt ein viktig møteplass for teknologi, industri og næringsliv. Her får deltakarane ny kunnskap og inspirasjon, samtidig som dei får møte andre som kan ha idear, erfaringar eller løysingar som er relevante for eiga verksemd. Festivalen blir skapt gjennom eit stort samarbeid mellom arrangørar, sponsorar, bedrifter, foredragshaldarar og andre engasjerte bidragsytarar. Sykkylven Næringsutvikling har prosjektleiinga for arrangementet, gjennom rolla som sekretariat for arrangøren Sykkylven Industri- og Næringslag.

Stor folkemengde og stands i gata i Sykkylven sentrum, med ballongar som pynt over gata og ei scene i utkanten av bildet.

Saman om eit levande sentrum

Eit levande sentrum handlar om meir enn handel. Det handlar om møteplassar, aktivitet og eit sentrum folk har lyst til å bruke. Derfor er vi med på å skape og koordinere aktivitetar som kan samle folk og bidra til liv i sentrum.

Sykkylvsdagane er eit godt døme. Handelsforeininga står bak arrangementet, medan Sykkylven Næringsutvikling bidreg med sekretariat, koordinering og kommunikasjon. Målet er å skape ein møteplass for heile bygda – og samtidig gi lokale butikkar, lag, foreiningar og andre aktørar ein arena for å vise seg fram. På same måte og med same hensikt, er vi også involvert i mykje av Handelsforeninga sine arrangement og aktivitet gjennom året.

Lokale ressursar, nye moglegheiter

Lokale ressursar kan romme mykje meir enn det vi ser ved første augekast. Gjennom nettverket Garden som ressurs – på same måte som i Reiselivsforum – har lokale aktørar fått ein arena for å dele erfaringar, finne samarbeid og utforske nye moglegheiter innan landbruk, lokalmat, opplevingar og reiseliv.

I den første satsinga, Garden som ressurs 1.0, var Jord og Fjord eit av pilotprosjekta. Satsinga har sidan utvikla seg vidare, og viser korleis lokale initiativ og entreprenørskap kan skape nye tilbod og meir aktivitet med utgangspunkt i ressursane vi allereie har rundt oss. Sykkylven Næringsutvikling bidreg med nettverksbygging og tilrettelegging, medan det er dei lokale aktørane, ideane og engasjementet deira som driv utviklinga framover.

Årsrapporter

No har du sett litt av det vi jobbar med – men det er mykje meir der det kjem frå! Klar for eit djupdykk? Her finn du årsrapportane våre, med meir om prosjekta, arbeidet og resultata.