Framtidstru, samarbeid og nye moglegheiter i møbelindustrien
Over 100 deltakarar var samla i Sykkylven då Designindustriens bransjetreff gjekk av stabelen 29.10. Trass i krevjande marknad viste dagen at norsk møbelindustri har mykje å byggje vidare på.

Med både etablerte industriverksemder, nye designhus, kompetansemiljø og politiske representantar på plass, vart det ein dag med fagleg påfyll, erfaringsdeling og gode diskusjonar om vegen vidare for norsk møbelindustri.
Dagen starta med eit innblikk i dei økonomiske utsiktene for bransjen, presentert av Sparebanken Møre og Norsk Industri. Tala viste at industrien framleis står i krevjande tider, men fleire av dagens innlegg synte også kva moglegheiter som ligg i å satse vidare.
Bjørn-Helge Vik, CEO i Slettvoll, delte erfaringar frå si eiga reise i selskapet og fortalde om korleis dei har utvikla ei sterk merkevare i ein internasjonal marknad. Han tok mellom anna for seg satsinga på nye marknader, etableringa av butikk i København og Madeira og erfaringane frå samarbeidet med Malene Birger. Historia viste kor viktig det er å tørre å satse, kjenne målgruppa si og utvikle merkevara vidare.
KI, kompetanse og innovasjon
Kunstig intelligens var eit av dei store tema på agendaen. Siv Hjellegjerde Martinsen, administrerande direktør i Advania Norge, gav eit engasjerande innblikk i korleis KI kan skape verdi og konkurransekraft i norsk møbelindustri.
Hovudbodskapen var at ein må starte med forretninga, ikkje teknologien. Ho oppmoda verksemdene til å identifisere konkrete utfordringar og setje opp ein 90-dagarsplan med tydelege mål, anten det handlar om kundeverdi, lønsemd eller betre arbeidsprosessar.
Kompetanse og omstillingsevne stod også sentralt då Åsne Folstad frå Sykkylven Næringsutvikling møtte Anita Drabløs og Gry Helene Stavseng frå PlussLab til sofaprat. Her vart både utvikling av nye produkt, materialtesting og kompetanseheving løfta fram som viktige verktøy for å møte framtidas behov.
PlussLab samla no kompetansesenteret og testsenteret i eitt selskap, PlussLab kompetansesenter. Verksemda inviterte møbelbedriftene til å ta kontakt for hjelp med produktutvikling, testing av nye material og akkreditert produkttesting. Også Studiesenteret Sunnmøre vart trekt fram som ein samarbeidspartnar for verksemder som ønskjer å utvikle kompetansen til eigne medarbeidarar.
Norsk design med internasjonale ambisjonar
Berekraft og nye miljøkrav var også på agendaen, med Ida Oppen frå Norsk Industri og Kristin Grøn Ludvigsen frå LCA.no som innleiarar.
Eit av dagens høgdepunkt var innlegget frå Arve Ekornes og Charles Harland i Ekornes. Dei hadde nyleg vore i Singapore for å ta imot Red Dot: Best of the Best for Stressless Helsinki - ei viktig anerkjenning av arbeidet med å utvikle ei ny, motorisert plattform med eit lett og moderne uttrykk. Dei delte historia bak ein lang og krevjande utviklingsprosess, og viste korleis norsk produktutvikling kan hevde seg internasjonalt.
Elizabeth Matre-Aas frå Matre AS presenterte på si side eit nytt og moderne designhus med røter i norsk designhistorie. Verksemda har teke utgangspunkt i designklassikarar frå mellom andre Peter Opsvik, Sigurd Resell, Fredrik Kayser og Knut Sæter, samstundes som dei samarbeider med nye designarar om framtidas møblar. Satsinga viser korleis norsk designarv kan få nytt liv og møte ein ny marknad.
Debatt om framtida for norsk møbelindustri
Dagen baud også på ein debatt om rammevilkåra for industrien. Bjørn-Helge Vik frå Slettvoll og Elizabeth Matre-Aas frå Matre møtte politikarane Geir Ove Leite (Ap) og Olav Harald Ulstein (Frp) til diskusjon om skattar, renter og vilkåra for norsk eigde industriverksemder.
Det vart ein engasjert samtale der utfordringane ved å drive og utvikle norskeigde bedrifter vart sette på dagsordenen. Behovet for gode og føreseielege rammevilkår vart løfta fram som ein viktig føresetnad for vidare satsing og verdiskaping i Noreg.
Heidra unge designarar
Bransjetreffet vart avslutta med utdelinga av Rellingprisen, som løftar fram designstudentar og unge, nyetablerte designarar i Noreg. Årets konkurranse hadde inkluderande design som tema, og juryen hadde 31 bidrag å velje mellom.
Førsteplassen gjekk til Mia Friis for produktet «Liv». Med prisen følgde 10 000 kroner og ein praksisplass hos Inventas. Andre- og tredjeplassen gjekk også til unge designarar som med arbeida sine viser breidda og potensialet i norsk design.
Rellingprisen er eit samarbeid mellom DOGA, Norsk Industri og Møbelmuseet/Viti, og er eit viktig bidrag til å styrkje banda mellom designutdanningane og norsk møbelindustri.
Ein møteplass som byggjer vidare på historia
Etter eit innhaldsrikt fagprogram gjekk turen vidare til Berlihuset, der Møre Designteam tok deltakarane med på ei omvising i historia og prosjekta sine. Det vart ei fin avslutning på dagen, før deltakarane samla seg til middag og vidare samtalar.
Med over 100 deltakarar, mange gode innspel og konkrete døme på nyskaping og utvikling, viste årets bransjetreff verdien av å samle industrien på tvers av verksemder og fagmiljø. Sjølv om utfordringane er reelle, finst det mykje kompetanse, skaparkraft og vilje til å satse i den norske møbelindustrien.
Takk til alle føredragshaldarar, deltakarar og samarbeidspartnarar som bidrog til ein inspirerande dag i Sykkylven. Vi ser allereie fram til neste år, torsdag 28. oktober 2027, når Designindustriens bransjetreff igjen samlar bransjen i møbelhovudstaden.