Siste nyttNæringsforeninga

Velkomen som nytt medlem Droneakademiet

Med base i bl.a. SkaparLINKEN tilbyr Droenakademiet kurs, rådgiving og utstyr til droneoperatørar og verksemder, og hjelper kundar med å ta i bruk dronar som arbeidsverktøy.

Bilde av hender som holder en drone og tilsynelatende justerer noe på den, fremfor en avmerket landingsplass og mennesket som holder dronen har på refleksvest.

Droneakademiet nytt medlem i SINL

Vi ønskjer Droneakademiet velkomen som nytt medlem i Sykkylven Industri- og Næringslag. Dette er ei verksemd vi kjenner frå før, mellom anna gjennom fleire års samarbeid med droneworkshops på tfUNG, Teknologifestivalen for barn og ungdom.

Droneakademiet har base i SkaparLINKEN i Sykkylven og på Østerås i Oslo. Selskapet blei etablert av lokale Alexander Sandnes og medgründer Mathias Gauer, som såg eit aukande behov for kunnskap om droneflyging. Medan droneteknologien vart meir og meir utbreidd, såg dei, som er utdanna pilotar for bemanna luftfart, både risikoen ved manglande kompetanse og dei store moglegheitene teknologien opnar for.

I dag blir dronar tekne i bruk på stadig fleire område, frå fasadevask, landbruk og bygg og anlegg til industri, maritime operasjonar, søk og redning m.m.

Droneakademiet hjelper verksemder med å utforske korleis dronar kan bli eit nyttig arbeidsverktøy, og bistår med alt frå opplæring og kurs til nødvendig dokumentasjon og rådgiving. Dei tilbyr både bedriftsinterne kurs og opplæring for privatpersonar, fysisk og digitalt, og jobbar med kundar både nasjonalt og internasjonalt.

Alexander er også ein av pådrivarane i arbeidet med å etablere eit studiesenter i Sykkylven. Vi gler oss til godt samarbeid, også vidare. Velkomen til fellesskapet, Droneakademiet.