Siste nyttAktuelt

Vellykka treff for Garden som ressurs

Mandy og Åsne ønska velkomen til ein kveld for bønder og dei som er interessert i tilleggsnæringar i landbruket. Vi fekk nyttig informasjon frå både Innovasjon Norge, NLR og landbrukskontoret.

Ein interessant kveld med mykje nyttig informasjon, var mange av tilbakemeldingane etter gjennomført nettverkstreff i prosjektet Garden som ressurs 2.0.

Torsdag 15. oktober var 30 personar samla i SkaparLINKEN for å høyre meir om satsinga, ulike tilskotsordninar og ikkje minst treffe andre som ønskjer å utvikle tilleggsnæringar i landbruket.

Felles utsal av lokalmat vart testa ut i første prosjektperiode som starta i 2024. Jord & Fjord er no vidareført av Siv Merethe Helseth, og er eit konkret resultat av samarbeidet mellom lokale matprodusentar.

Karianne Skotte frå Sykkylven Bondelag, Leif Inge Grebstad frå Sykkylven Bonde- og Småbrukarlag, Anne Berit Løseth frå Innovasjon Norge, Vibeke Evensen frå Norsk Landbruksrådgjeving NLR og Mandy Häger frå landbrukskontoret i Sykkylven kommune orienterte om moglegheiter for lokale bønder, både når det gjeld rådgjeving, finansiering og nettverk.

Landbrukssjef Mandy Häger viste også korleis ein kan jobbe med kvart sitt einskilde prosjekt, med ressurskartlegging og ulike digitale verktøy.

Hovudmålet for Garden som ressurs er å styrke næringsgrunnlaget på gardsbruka i fylket gjennom auka satsing på tilleggsnæringar. Det gjer vi ved å mobilisere til nettverkstreff, kunnskapsutvikling og deling, inspirasjon og samarbeid.

Lokal prosjektgruppa har fleire forslag til tiltak framover, og ønskjer tilbakemeldingar på prioriteringar frå lokale aktørar velkomen!

Presentasjonane frå kvelden kan du sjå her: