
Det blir ILAG også sommaren 2026! Spre ordet!
Har de sommarjobbar for unge i alderen 18-30 år? Då håpar vi de som arbeidsgivarar vil vere med og oppmode sommarvikarane/sommarstudentane dykkar til å søke plass på i ILAG.

Kanskje er du kjent i Sykkylven, da veit du at Sykkylven er innfallsporten til Sunnmørsalpane. Men, kanskje veit du ikkje ein gong kvar denne bygda er?
På nordvestlandet finn du oss - og det er faktisk mange vegar som førar inn til Sykkylven. Om du vil vite meir om kommuna vår, kva Sykkylven har å by på, skular, barnehagar, kulturtilbod, med meir - kik innom Sykkylven Kommune sine sider.

Vi har mykje kjekt på programmet her i bygda og mange perler å besøke. Sjekk ut sykkylven.com og Sykkylven Kulturhus for arrangement og aktivitetar. I vår eige reisemålsbrosjyre, Opplev Sykkylven, får du god oversikt over tilbod i kommunen. På Stikk ut finn du fine turmål i forskjellige vanskelighetsgradar.
Halde deg oppdatert på tilbod i dei lokale butikkane? Følg @sykkylvenhandelsforening på Facebook og Instagram.

Sykkylven og sykkylvingar er kjend for å ha sterk entreprenørånd. Vi kallar det skaparglede.
Sykkylven har i dag ein sterk møbelindustri med røter tilbake til 1800-talet. Dette er bedrifter som har ein høg del eksport. Vi har også ein god variasjon med små og store bedrifter i bransjar, opplevingsnæringar i vekst og eit mangfaldig handelssentrum. Næringslivet i Sykkylven er nysgjerrig og risikovillig, derfor er bedriftene her også langt framme i den teknologiske utviklinga.
Teknologibygda kan vi eigentleg kalle oss.
Ute etter jobb? Kanskje er du vår neste tilflyttar? Sjå ledige stillingar i Sykkylven på arbeidsplassen.no / finn.no. Sjå aktivitetskalender for næringslivet.
Finn nyttige ressursar, tenester og informasjon for deg som bur i eller vurderer å flytte til Sykkylven.
Sjå nyttige lenkerHent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven!

Har de sommarjobbar for unge i alderen 18-30 år? Då håpar vi de som arbeidsgivarar vil vere med og oppmode sommarvikarane/sommarstudentane dykkar til å søke plass på i ILAG.

Etter besøket frå Tellus Works, som spela inn ei episode av People of the North, har vi no fått ein flott film av noko av filmmaterialet som skal bidra til å skape bolyst i Sykkylven. Her er resultatet - nyt filmen! Takk til Per Magne Drotninghaug, Tommy Rasmussen, Margrethe Velle Ødegård, og alle som bidro til filmproduksjonen!

I Sykkylven finn du eit kompakt og innhaldsrikt handelssentrum med små nisjebutikkar, tett i tett. Her er det meste i gåavstand.

Sykkylven er frå tidlegare kjend for å vere ei "møbelbygd". Med automatisering og digitalisering, har mykje ny teknologi inntatt industrien og Sykkylven vert i aukande grad omtalt som "teknologibygda".

Er du vår nye innbyggar?