Kven fortener Næringslivsprisen i Sykkylven 2026?
Næringslivsprisen 2026 vert utdelt under kommunestyremøte før jul, og skal påskjønne den eller dei som har gjort ein ekstra innsats for lokalt næringsliv det siste året.

Forslag til kandidat for Næringslivsprisen i Sykkylven 2026
Næringslivsprisen har som føremål å påskjønne mottakar for den innsatsen som er gjort, og samtidig vere eit tydeleg signal om at lokalsamfunnet set pris på innsatsen. Prisen kan tildelast personar, bedrifter eller næringsretta organisasjonar, og vert overrekt i kommunestyret.
Styret i Sykkylven Næringsutvikling (SNU) peikar ut prisvinnaren, basert på følgjande kriterium:
· Sykkylven sitt næringsliv har blitt markert på ein særs gagnleg måte
· Det er vist initiativ til å skape noko som tener lokalsamfunnet
· Prisvinnaren står fram som eit føredøme for andre
· Det er vist mot og handlekraft
· Det er vist evne til nytenking innanfor eitt eller fleire område
· Det er vist samarbeidsvilje
· Tiltaket er berekraftig med omsyn til miljø og bedriftsøkonomisk lønsemd
Alle innbyggarar i Sykkylven kommune er inviterte til å foreslå kandidatar til prisen. Forslaga må vere skriftlege og grunngjevne av forslagsstillaren. Frist for innsending av forslag er 15. oktober, og forslaga skal registrerast via digitalt skjema:
Gå til skjema for å foreslå kandidat til Næringslivsprisen (Microsoft Forms)
Vi oppmodar alle til å løfte fram dei som gjer ein ekstra innsats for næringslivet i Sykkylven – kven meiner du fortener Næringslivsprisen 2026?
Her finn du oversikt over tidlegare prisvinnarar: Tidlegare prisvinnarar (PDF)