Bergljot Hjortdal ny styreleiar i Sykkylven Næringsutvikling
Etter fleire år som styremedlem tek Bergljot Hjortdal no over som styreleiar i Sykkylven Næringsutvikling. Vi har intervjua ho om hennar tankar for vegen vidare:

På generalforsamlinga i mai vart Øystein Vikingsen Fauske takka av etter å ha vore styreleiar sidan 2019, og ga stafettpinnen vidare til Bergljot Hjortdal for dei kommande to åra. Sidan etableringa i 1989 er ho den 10. i rekka og den første kvinnelege styreleiaren i selskapet si historie.
Erfaren styremedlem
Bergljot har hatt styreverv i Sykkylven Næringsutvikling sidan 2019, og har vore ein viktig bidragsytar i styrearbeidet dei siste åra.
Kva motiverte deg til å ta på deg rolla som styreleiar?
Eg har alltid opplevd SNU som ein viktig sentral utviklingsaktør i Sykkylven. Selskapet har eit tydeleg samfunnsoppdrag gjennom å leggje til rette for utvikling og verdiskaping i lokalt næringsliv, og det synest eg er både spennande og meiningsfullt å få vere med og bidra til.
Gjennom yrkeslivet har Hjortdal arbeidd tett på både næringslivet og det offentlege. Ho er i dag HR Manager i Ekornes, har styreutdanning, og har mellom anna leia Opplæringskontoret for møbel, tre og mekanisk industri.
Eg håpar erfaringa mi med å byggje relasjonar og arbeide strategisk kan vere nyttig inn i styret. Eg er også glad for at vi har fått inn nye styremedlemmer med andre erfaringar og perspektiv. Kontinuitet er viktig, men det er også verdifullt å få nye blikk på korleis SNU kan utvikle seg vidare.
Kva blir viktigast for styret framover?
Vi ønskjer å byggje vidare på den gode utviklinga SNU har hatt dei siste åra. Gode døme er Omstillingsprogrammet, som SNU har arbeidd fram og fått på plass. Det har gitt mange positive resultat for næringslivet, og no er det viktig å løfte blikket og tenkje langsiktig. Korleis skal SNU halde fram med å vere ein sterk utviklingsaktør også etter at Omstillingsprogrammet er avslutta?
Styret arbeider med strategi og dei lange linjene. Sykkylven Næringsutvikling sine mål blir utvikla i tett dialog med kommunen og næringslivet - dei tek utgangspunkt i behova og målsettingane til både kommunen og næringslivet. Gjennom mellom anna Sykkylven Industri- og Næringslag kjem det jamleg inn innspel frå bedriftene om kva dei opplever som viktig. Det gir eit godt grunnlag for å prioritere kva selskapet skal arbeide med.
Ho peikar på at Sykkylven Næringsutvikling allereie har ei viktig rolle som mogleggjerer for mange prosjekt og initiativ.
Noko av det fine med Sykkylven Næringsutvikling er at selskapet ofte arbeider i kulissane. Dei tilsette hjelper bedrifter, organisasjonar og eldsjeler med å finne rett veg vidare, knyte kontakter, utvikle prosjekt og finne finansiering. Det er ikkje Sykkylven Næringsutvikling som skal ha merksemda når andre lukkast, men selskapet er ofte med på å gjere det mogleg. Dei fleste satsingane selskapet er involvert i blir til gjennom samarbeid, der mange ulike aktørar bidreg med kompetanse, ressursar og engasjement. Det er nettopp når vi får mange til å spele på lag at dei beste resultata kjem.
Eg trur vi kan bli endå flinkare til å synleggjere kva rolle Sykkylven Næringsutvikling faktisk har. Ikkje fordi selskapet skal ta æra for det andre får til, men fordi det kan inspirere fleire til å sjå kva moglegheiter som finst. Når fleire kjenner til kva støtte og rettleiing dei kan få, kan det også føre til at endå fleire gode idéar blir realiserte.
Kva vil du trekkje fram frå arbeidet som er gjort dei siste åra?
Eg synest det har skjedd mykje positivt og eg likar at arbeidet omfattar mykje meir enn den tradisjonelle industrien. Selskapet er involvert i alt frå Teknologifestivalen og det nye studiesenteret til reiseliv, handel, landbruk og ulike samarbeidsprosjekt. Det viser kor breitt næringsutvikling eigentleg er.
Kva håpar du Sykkylven Næringsutvikling skal vere framover?
Eg håpar endå fleire opplever at det er naturleg å ta kontakt med Sykkylven Næringsutvikling når dei har ein idé eller ønskjer å utvikle noko. Dei tilsette har kompetanse på alt frå søknader, til nettverk og prosjektutvikling, og kan vere ein viktig sparringspartnar. Eg trur også mange vil bli positivt overraska over kor tilgjengeleg hjelpa er.
Kva moglegheiter ser du for Sykkylven?
Å, her er det berre fantasien som set grenser.
Vi har jo mellom anna ein fantastisk natur, og noko eg tenkjer er viktig framover er at vi ser på korleis vi kan dra nytte av den med tanke på turisme, men gjere det berekraftig og forvalte den best mogleg. Vi skal kunne leve med og av den lenge, både vi som bur her og vi som driv her.
Vidare tenkjer eg at vi må fortsette å vise fram Sykkylven som ei teknologikommune, og få fram moglegheitene med det. Eksempel på dette ser vi mykje av gjennom både Teknologifestivalen og ved at vi no etablera studiesenter her, noko som igjen ikkje ville skjedd utan Sykkylven Næringsutvikling sin innsats.
Vi skal jobbe for at her er interessante næringar med arbeid for heile familien. Sykkylven skal vere ein plass du har lyst til å både bu og jobbe, og kanskje til og med starte noko nytt.
Alt dokke får til i Sykkylven!
Bergljot fortel om ei hending som fekk henne til å stoppe opp.
Eg møtte ei venninne som spurde kva som hadde skjedd i det siste. Då byrja eg å ramse opp Teknologifestivalen, Sykkylvsdagane, Brøvølls, fotballfestivalen og mykje anna. Ho såg berre på meg og sa: «Alt dokke får til i Sykkylven!» Då slo det meg eigentleg kor mykje som skjer her. Sykkylvingane har eit enormt engasjement og ei imponerande gjennomføringsevne, og det er noko vi skal vere stolte av og halde fram med å byggje vidare på.
Til slutt ønskjer ho alle ein riktig god sommar.
Eg håpar sola skin akkurat der du er.
Styret i Sykkylven Næringsutvikling
Styreleiar Bergljot Hjortdal
Nestleiar Per Kjetil Våtmyr
Styremedlem Nils Vik
Styremedlem Håkon Fauske
Styremedlem Øyvind Hunnes
Fast møtande varamedlem Lars Magnus Skog
Fast observatør Olav Harald Ulstein
Fast observatør Torbjørn Emblem