
Ny coworker i SkaparLINKEN
Alastair Brunton flytta inn på kontoret i SkaparLINKEN tidleg i januar, og er svært fornøgd med å vere på plass.

Velkomen til SkaparLINKEN - eit kontorfellesskap i Sykkylven sentrum, drifta av Sykkylven Næringsutvikling.
Her kan du ha kontorplass i ope landskap eller i eige cellekontor, for korte eller lengre periodar. Poenget med cowork er det sosiale fellesskapet, - avkopling frå PC'en over ein kaffekopp eller felles lunsj. Vi har også fleire arrangement med ulike tema du som leigetakar eller besøkande kan delta på. Som kommunen si næringsavdeling kan vi også bistå med rådgjeving til både start-ups og for utviklingsprosjekt i etablerte verksemder.
Leigetakarane har fri tilgang til fellesareal, møterom og kaffe.
Treng du berre eit møterom, kan du bestille det med eller utan servering av kaffe og anna bevertning. Elles er det gratis drop-in arbeidsplassar i fellesarealet.
Vi har fleire gode cowork-tilbod i Sykkylven, prøv også coworken Næringsfabrikken og DIS Cowork.
Velkomen innom, til eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø.
Prisar på leige av kontor og møterom er ekskl. mva. Leige av plass er inkl. internett, print og møterom.
Ta kontakt med Lill for bestilling eller meir informasjon.
Tlf. 96 01 24 20
E-post: lill@skaparglede.no
Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Alastair Brunton flytta inn på kontoret i SkaparLINKEN tidleg i januar, og er svært fornøgd med å vere på plass.

Vi ønsker Karoline Matilda Chruickshank Johnsen frå Terrengentreprenøren AS varmt velkomen til SkaparLINKEN!

Les Ålesund Næringsforening si oppsummering av lunsjseminaret i november: Morgondagens arbeidstakar

Dei siste vekene har vi hatt kjekt besøk av eit par utflytta Sykkylvingar med følge, som har nytta SkaparLINKEN til arbeidsplass. Veldig kjekt å bli litt kjent og så stas med skryt også!

I påskeveka var det fleire som nytta seg av «workation» i coworken SkaparLINKEN, i Sykkylven sentrum. Slik fekk familiar forlenga påskeopphaldet i bygda, medan dei som måtte jobbe fekk ro og fokus dei siste arbeidsdagane.