Sykkylven Næringsutvikling AS
Selskapet vart stifta i 1989, i eit spleiselag mellom kommune og lokalt næringslag, som begge yt driftsstøtte for tenestene vi leverer for dei.
Som kommunen si næringsavdeling forvaltar vi gründerhjelpa Hoppid, og kommunalt næringsfond for etablert næringsliv. Dei fylkeskommunale midlane vert tildelt kommunen, som gir oppdraget med rådgjeving og sakshandsaming til næringsselskapet.
Vi har også sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening, med administrasjon og rekneskap, gjennomføring av medlemsmøter og ulike prosjekt. Vi arrangerar nettverkstreff, kurs og seminar med fagleg påfyll for bedriftene. SkaparLINKEN er vår nye cowork og møteplass midt i Sykkylven sentrum.
I tillegg til tenester for kommune og næringslag tar vi også på oss oppdrag frå næringslivet, mellom anna med administrasjon og prosjektleiing.
Under ein strategiprosess i 2020 peika lokale bedrifter, politikarar, ungdommar og eldsjelar på potensiale i å støtte oppunder opplevingsnæringane for auka næringsutvikling og bulyst. Derfor er det eit prioritert innsatsområde i nærings- og omstillingsstrategien.
Nærings- og omstillingsstrategi for Sykkylven kommune 2021-2026
Selskapsstrategi for Sykkylven Næringsutvikling AS 2021-2026
Etiske retningslinjer for Sykkylven Næringsutvikling
Les om prosjekt Reisemålsutvikling.