Kommunalt næringsfond i Sykkylven

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å...

Styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune.

Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet.

Etableringar som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar vert spesielt prioritert.

Kven kan søke næringsfondet?

Næringsfondet skal nyttast  til bedriftsretta tiltak (direkte stønad til bedrifter) og til nyetablerarar og gründerar.

Prosjekt med potensiale for fleire arbeidsplassar skal prioriterast.

Mål og prioriteringar i næringsplanen til Sykkylven kommune vil bli lagt til grunn for vurderingane av kven som får støtte.

Kva kan du søke om?

Stønad skal ikkje utgjere meir enn halvparten av dei kostnadane som er godkjende i stønadsgrunnlaget

(den godkjende kostnadsplanen som ligg til grunn for etableringa).

  • Det kan ikkje løyvast stønad til ordinær drift
  • Bedriftsretta stønad skal ikkje vere konkurransevridande lokalt
  • Stønaden skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta
  • Stønad vert gitt primært som tilskot, med maksimalt støttebeløp på kr 150 000,-
  • Investeringar som vert gjort før søknad om stønad frå næringsfondet er handsama skjer på eigen risiko for søkjaren
  • For å få stønad må investeringar/prosjekt som det vert søkt stønad til gjennomførast innan 12 månader etter at tilsegn om stønad er gitt. Søkjar kan søkje om utsetting.
  • Utbetaling av tilsegn gitt frå næringsfondet skjer i etterkant når kostnaden kan dokumenterast i samsvar med søknad og tilsegn
  • Næringsfondet kan ikkje nyttast til teikning av aksjar, betaling av renter/avdrag eller garantiar for bedrifter
  • Det kan ikkje gjevast stønad til fysiske infrastrukturtiltak i kommunen
  • Stønad frå næringsfondet må haldast saman med annan offentleg stønad, slik at samla stønad er innanfor gjeldande retningsliner
  • Det kan ikkje gjevast stønad som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan derfor ikkje gjevast stønad til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnader, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk
  • Elles vert til ein kvar tid gjeldande retningsliner frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Kommunal- og distriktsdepartementet (kapittel 551, post 60 Næringsretta midlar til regional utvikling) lagt til grunn i vurderinga
Døme på kva bedrifter kan søkje stønad til:
  • Nyetablering/bedriftsutvikling
  • Produktutvikling
  • Marknadsutvikling
  • Kompetanseheving i bedrifta

Korleis søke næringsfondet? (endra frå våren 2020)

Tilsegn frå næringsfondet vert behandla i fondsstyret 2 – 3 gonger pr år. Søknadsfristen er no løpande, og søknader vert vanlegvis behandla på neste møte etter at søknaden er levert, eller så snart som råd er.

Bedriftsretta tiltak – nyetablering
  • Søkjar må levere skriftleg søknad gjennom regionalforvaltning.no, med vedlagt forretningsplan
  • Stønad vert gitt berre til søkjarar som har gjennomført oppstartssamtale (1 time rettleiing om forretningsplan) med hoppid-kontoret hos Sykkylven Næringsutvikling AS. Søkjar tek sjølv initiativ til oppstartssamtalen og vil då få utdelt:
  • Skjema for søknad til næringsfondet
  • Agenda for møtet
  • Oversikt over kriterier som søknaden vil bli vurdert ut i frå
  • Søkjarar vert etter behov, invitert til å halde ein kort presentasjon av prosjektet for styret i Sykkylven Næringsutvikling AS.
  • Styret i Sykkylven Næringsutvikling AS vurderar saksinnstilling frå administrasjonen og oversender si tilråding til Formannsskapet i Sykkylven kommune som gjer endeleg vedtak om kven som får stønad.
  • I.h.t. rutiner for gjennomføring av prosjekta skal Sykkylven Næringsutvikling AS delta i møte med støttemottakar, i startfasen, under og i avslutningsfasen av prosjektet.
  • Det er støttemottaker sitt ansvar å avtale og gjennomføre desse møta.
  • Etter forvaltningslova har ein rett til å klage på vedtak ved søknad til næringsfondet. Klage rettast til styret i Sykkylven Næringsutvikling AS for ny handsaming. Viss styret opprettheld sitt vedtak, går klaga automatisk vidare for handsaming i formannskapet i Sykkylven kommune.
  • Utbetaling frå næringsfondet skjer ved at dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS tilrår utbetaling, medan rådmannen tilviser utbetaling.

Bedriftsretta tiltak – vidareutvikling av eksisterande verksemd

For støtte til vidareutvikling av eksisterande verksemd gjeld i utgangspunktet same retningslinjer som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksemd.

Tilsagn 2023

1. Ekornes AS, prosjekt AIV-transport kr 150 000,-

2. Brennevinsgrova AS, investering i ny tappelinje kr 150 000,-

3. Dynoform AS, marknadsanalyse og posisjoneringsstrategi kr 87 000,-

4. DIS Kaffebar AS, strategi, profil, merkevare, kommunikasjon, kompetanse og rådgjeving kr 150 000,-

5. Smått & Stort AS, forretningsutvikling, profil og web kr 70 000,-

6. Brennevinsgrova AS, internasjonaliseringsprosjekt kr 54 000,-

E-post

Ta kontakt ved spørsmål.

asne@skaparglede.no

Telefon

Åsne Folstad

+47 92 45 58 52

Adresse

Sykkylven Næringsutvikling AS

SkaparLINKEN.
Pilgata 10, 6230 Sykkylven