Det blir ILAG også sommaren 2026! Spre ordet!
Har de sommarjobbar for unge i alderen 18-30 år? Då håpar vi de som arbeidsgivarar vil vere med og oppmode sommarvikarane/sommarstudentane dykkar til å søke plass på i ILAG.

ILAG handlar om å skape eit sosialt og inkluderande fellesskap utanfor arbeidstid – med varierte aktivitetar, låg terskel og nye møteplassar. I 2025 vart det gjennomført heile 30 aktivitetar gjennom sommaren, og evalueringa viser at deltakarane i stor grad opplevde at det var lett å bli kjent med nye folk, og at dei kjende seg inkluderte og velkomne.
Gjer sommarjobben endå meir attraktiv – fortel søkjarane om ILAG 2026
I 2026 har ILAG 15 plassar, og årets koordinator er Johanne Hjortdal. Det er ønskjeleg at arbeidsgjevarar i Sykkylven informerer sommarjobbarane sine om tilbodet – og gjerne brukar ILAG som ein positiv fordel i utlysingar av sommarjobbar.
For mange unge kan det vere avgjerande å vite at det finst eit sosialt fellesskap rundt sommarjobben. ILAG kan gjere det meir attraktivt å takke ja til jobb i Sykkylven, særleg for studentar og unge som kjem heim for sommaren, eller som kjem til bygda utan å kjenne så mange frå før. Gjennom ILAG får deltakarane høve til å bli kjende med andre unge som jobbar i Sykkylven, delta på aktivitetar og oppleve meir av lokalsamfunnet. Programmet blir lagt opp slik at også dei som jobbar skift, turnus eller ulike arbeidstider skal kunne delta på fleire av aktivitetane.
Det er gratis for deltakarane å vere med. Nokre personlege utgifter, som mat og drikke til enkelte samlingar, kan dei måtte dekke sjølve. ILAG 2026 er eit samarbeid mellom Sykkylven kommune/Omstillingsprogrammet og Sykkylven Industri- og Næringslag.
ILAG er ein del av ei felles satsing på å gjere Sykkylven meir attraktiv for unge talent – og for arbeidsgivarane handlar det om å bygge relasjonar og trivsel som kan vare lenger enn sommaren.
Vil de vite meir, eller få ein prat om korleis de kan bidra og kople dykkar sommaransatte på? Ta kontakt med Lise Haukeberg, programleiar i omstillingsprogrammet.
Kontakt: Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune, Lise Haukeberg
Tlf: 98882292
E-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no