Teknologibygda
Sykkylven er frå tidlegare kjend for å vere ei "møbelbygd". Med automatisering og digitalisering, har mykje ny teknologi inntatt industrien og Sykkylven vert i aukande grad omtalt som "teknologibygda".

Teknologibygda
I industrien i Sykkylven er der mykje fokus på automatisering og forenkling av produksjonsprosessar. Per i dag har vi omlag 190 industrirobotar i drift i bygda. Det representera over 10% av alle industrielle robotar i Norge. Med det er Sykkylven blant dei med høgast robottettleik i landet og kanskje også i Norden.
Fleire lokale bedrifter sit med mykje erfaring og høg kunnskap innan vareproduksjon og automatisering. Industrien jobbar også tett i lag med Sykkylven vidaregåande skule.
Nytt av året er lansering av Teknologifestivalen i Sykkylven, som var i regi av Sykkylven Industri-og Næringslag.
Målet med festivalen var å dele kunnskap for å auke teknologikompetansen i bygda og regionen. Ein ville også inspirere til ei berekraftig utvikling og styrke samarbeidet mellom bedriftene. Arrangementet gjekk frå 1.–2. juni og vart ein stor suksess. Les meir om Teknologifestivalen her.