Siste nyttGründer

Hole Geoscanning AS

Helga Hole og Espen Hove fortel om oppstarten av Hole Geoscanning AS og kompetanseprogrammet SMB-utvikling.

hole-geoscanning

Det er graving i nabolaget og plutseleg står du utan internett.

Nokon var uheldig og har greve over fiberleidninga. Gamle teikningar frå kommunen er dessverre ikkje heilt nøyaktige. Dette er ei vanleg problemstilling og eit stort frustrasjonsmoment – både for dei som grev og for deg som ikkje fekk sett dei siste minutta av favorittserien din.

Oppstartsfase

Normann Hole frå Hole Maskin såg seg lei av problematikken, og i 2019 starta han prosessen for å finne ei løysing. Han kom i gang og prøvde ut forskjellige scannarar for å kunne scanne rør og kablar under bakken. Då koronapandemien kom og drog i handbrekket for det meste, vart også dette eventyret sett på vent.

Etter kvart har verda fota seg igjen, og med gode ressursar i eigen familie fekk draumen bein å gå på. Dottera Helga og svigerson Espen vart engasjert til å «styre skuta».

Eg flytta heim for jobben. Og så sakna eg familien, fjella og naturen.

Helga smilar breitt, senkar skuldrane og lar blikket vandre i det ho avsluttar setninga. Ho er utdanna innan arealplanlegging og jobba tidlegare som miljørådgivar i Trondheim. I desember 2022 vart ho lokka heim til Sykkylven og Hole Geoscanning AS.

Espen og familien har busett seg på Stranda, etter fleire år i Oslo. Han gjekk frå læraryrket til oppstartsbedrift då han vart headhunta til den ferske satsinga. Espen beskriv seg sjølv som tech-geek, problemløysar og «LITT» praktisk anlagt. Som mange andre i oppstartsbedrifter har han omfattande og varierte arbeidsoppgåver: planlegging, utføring, etterarbeid med tolking av data, samt innhenting av nye kundar.

Det er både mykje arbeid og veldig kjekt!

Scanning og arealplanlegging

Bedrifta består eigentleg av to avdelingar, kan Helga fortelje. Espen har ansvar for scanning etter rør og leidningar under bakken. Helga jobbar mest med arealplanlegging og regulering av hus og hyttetomter, naturkartlegging og konsekvensutgreiingar.

Dei to områda kan sjåast kvar for seg, men med ein kombinasjon av områda får kunden eit særleg godt vurderingsgrunnlag for området. Dei jobbar både rygg i rygg og side om side.

Ved hjelp av ein geoscannar kan dei lokalisere og levere ei nøyaktig analyse og skildring av rør og leidningar i eit arbeidsområde. Med denne informasjonen kan kunden spare mykje tid og store unødige kostnader, og betrakteleg redusere risikoen for å grave over rør og kablar. Med få konkurrentar har ein også gode moglegheiter til å etablere seg i marknaden. Espen smilar fornøgd:

Det er berre ei anna bedrift som har denne scannaren i Noreg – og den er i Stavanger.

Informasjon frå scannar eller drone kan også nyttast for å produsere ein 3D-modell av terrenget og med det utføre masseberekningar for eit terreng. Dette er gjerne aktuelt ved sprenging, graving, fylling eller for berekning av uttak eller tilføring av massar. Massane reknast ut frå innmålt terreng før og etter inngrep, eller mot prosjektert høgde/terreng.

Harstadmannen og lønnsomheit

Espen og Helga var på Arctic Entrepreneur-messa på Gardermoen i januar. Førstemann innom standen vart også deira første kunde i Harstad. Der var det eit 60 år gammalt veganlegg, der ein hadde lite oversikt over røra i bakken, og på første stikket bomma ein med 50 meter.

Bedrifta hadde ei 4 km strekning dei skulle gjennom, med 26 «stikk» opp til ulike eigedommar frå ei hovudvassleidning under vegen. Dei hadde brukt to veker på å finne fem «stikk», med høg risiko for å grave over dei.

Måndag etter messa føretok Espen ei scanning og fann stikk med ein gong. Han kan fortelje at det kom nokre nordnorske gloser frå Harstadmannen då han innsåg kor mange timar dei kunne spart seg med denne teknologien:

Dokke skulle vort her for to veker sidan! (nordnorsk til nynorsk omsetjing)

Denne jobben førte til ytterlegare fire jobbar i bedrifta og ein i Harstad kommune.

SMB–utvikling

Hole Geoscanning AS deltek i kompetanseprogrammet SMB–utvikling. Programmet er eit tiltak gjennom omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune og blir gjennomført med bedriftsrådgivar Harald Husabø. Gjennom programmet har dei fått god støtte i utviklinga av bedrifta, fortel Helga og Espen. Dei er fulle av lovord når dei omtalar både Husabø og programmet:

Harald er dyktig, morosam og kunnskapsrik. Han kjem med gode spørsmål som får ein til å tenke.

Kompetanseprogrammet beskriv dei som spanande, lærerikt og ein god nettverksarena. Der er 13 bedrifter frå lokalt næringsliv som deler opent om eigne utfordringar – ofte utfordringar fleire av bedriftene kan kjenne seg igjen i, trur Helga.

Vegen vidare

Hole Geoscanning AS er framleis i ei oppstart- og utviklingsfase. Dei har likevel kome godt i gang med oppdrag, og vidare har dei ein visjon om å utvide og vekse.

I desse dagar er bedrifta i ei utviklingsfase for å kartleggje fjell i grunnen med scannaren sin, samt i ein prosess med å utvikle nettside.

Lukke til vidare på reisa!