Droneakademiet – frå gründeridé til leiande droneskule
Droneakademiet er ein av leigetakarane våre her i SkaparLINKEN. Dei er Noregs første godkjente droneskule og har ei imponerande gründerreise med vekst og utvikling.

Året er 2014.
Sykkylvingen Alexander Sandnes er utdanna flypilot i bemanna luftfart og er vant til å ha eit særleg godt overblikk over omgivnadane. Det tok ikkje lang tid frå droneteknologi vart introdusert til han såg at dette kom til å bli ein viktig bransje, med mange bruksområde og store moglegheiter.
Proaktiv gründerreise
Det var liten tvil: Dronebruken kom til å auke. Som flypilot skjønte han at behovet for opplæring kom til å vise seg.
Alexander fekk med seg ein annan flypilot og tidlegare kollega, Mathias Gaüer. For å kome tidleg inn i marknaden hadde dei ingen tid å miste. Saman gjekk dei til verks og utvikla både kursmateriell og Droneakademiets eiga fagbok. På denne måten var dei klare når droneteknologien var meir utvikla og marknaden vart moden.
Droneakademiet hjelper bedrifter og privatpersonar med å:
- kartleggje behov for kursing ut frå aktuelle krav i regelverket
- utdanne droneoperatørar og dronepilotar