Siste nyttGründer

POPUP x Ramò Studio

Frå 4. oktober tar Ramona frå Ramò Studio over i POPUP'en i Aure sentrum. Ho produserer handstøpte lys, duftlys og interiørartiklar som er både unike og handlaga med stor kjærleik og presisjon.

popup-x-ramo-studio

Frå 4. oktober tar Ramona frå Ramò Studio over i POPUP'en i Aure sentrum. Ho produserer handstøpte lys, duftlys og interiørartiklar som er både unike og handlaga med stor kjærleik og presisjon.

Du får sjansen til å kjøpe Ramonas eksklusive kolleksjon og prøve å lage sjølv – ho tilbyr òg drop-in lysstøyping og dekorering!

Kom innom for å finne den perfekte gåva, eller unne deg noko spesielt til heimen. POPUP'en vil vere open i ei kort periode frå 4.–18. oktober, så det er lurt å få med seg denne unike moglegheita før den er over.

Sjå dei nydelige produkta hennar her.

Opningstider:
  • Laurdag 4.10: 10–15
  • Måndag 6.10: 10–17
  • Tysdag 7.10: 10–17
  • Onsdag 8.10: 10–17
  • Torsdag 9.10: 10–18
  • Fredag 10.10: 10–18
  • Laurdag 11.10: 10–15
  • Torsdag 16.10: 10–18
  • Fredag 17.10: 10–18
  • Laurdag 18.10: 10–15

Pop up'en er ein del av eit større initiativ frå Tettstadsprosjektet og Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune, som i samarbeid med ein særs samarbeidsvillig huseigar, har gjort det mogleg å tilby eit kostnadsfritt butikklokale i sentrum – for avgrensa periodar gjennom året. Målet er å senke terskelen for å satse på eigne idéar og samtidig skape meir liv og aktivitet i sentrum.

Prosjektleiar Anne Marie Andreassen har òg sett saman eit rådgjevar-team som kan gi fagleg støtte innan grafisk design, drift og konseptutvikling. I tillegg tilbyr Sykkylven Næringsutvikling, kommunen sitt verkemiddelapparat, ein gratis rådgjevingstime til dei som ønskjer å teste forretningsidéen sin i lokala.

Følg gjerne med på @popupxaure på Instagram for oppdateringar, arrangement og opningstider.

Er du interessert i å nytte deg av tilbodet? Ta kontakt med prosjektleiar Anne Marie Andreassen for meir informasjon.