

Omstillings-programmet
Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst. Støttemidla er eit supplement til andre offentlege virkemiddel frå Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Norges forskningsråd eller SIVA.
Bli med å skape fleire spennande arbeidsplassar i Sykkylven! Vi har sett oss eit overordna mål om å bidra til å skape og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven innan 2026.
Det er eit ønske om å utvikle ei bredde i næringslivet i Sykkylven, for å redusere den sårbarheita som kjem av ein einsidig næringsstruktur i "møbelbygda". Samtidig er det eit ønske om å bidra til eit meir robust næringsliv, som er berekraftig inn i framtida.
Difor vil omstillingsprogrammet bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. Omstillingsarbeidet skal òg bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som næringslivs- og bustadkommune.
Sjå Årsrapport for 2024 - Omstillingsprogrammet
Innsatsområda i omstillingsprogrammet
Omstillingsprogrammet i Sykkylven sine innsatsområder er:
1. Skaparglede i heile næringslivet
2. Samarbeid og nettverk
3. Attraktivitet og rekruttering
Kva kan du søke om støtte til?
Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:
- Utviklingsprosjekt i bedrifter
- Nettverksbygging mellom bedrifter