Kva kan du søke om støtte til?

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven,

kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsprogrammet.

Kva kan du få støtte til?

Omstillingsmidla kan hovudsakeleg brukast til forstudie og forprosjekt.

Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:

  • Kompetanseutvikling
  • Etablering av ny verksemd
  • Utviklingsprosjekt i eksisterande bedrifter
  • Marknadskartlegging
  • Nettverksbygging mellom bedrifter
  • Konkretisering av krav til infrastruktur for næringsverksemd

Kravet er at tiltaket de ønsker å utvikle fell inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine fire innsatsområde:

1. Skaparglede i næringslivet

2. Opplevingsnæringar

3. Samarbeid og nettverk

4. Attraktive Sykkylven


Kriteria for støtte frå Sykkylven kommune sitt omstillingsprogram:

Ifølge retningslinjene kan det ikkje gis støtte til drift av næringsverksemd eller organisasjonar, direkte eller indirekte støtte til investeringar i verksemdene sin eigenkapital, støtte til investeringar eller støtte til å utføre statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver.

  • Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle si verksemd/næring kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane, så lenge tiltaket det søkast om er innanfor omstillingsprogrammets fire satsingsområde.
  • Tiltaket/prosjektet må være i høve til definerte strategiar og tiltak innanfor satsingsområda i omstillingsprogrammets handlingsplan.
  • Søker må omtale korleis prosjektet/tiltaket støttar opp under omstillingsprogrammets hovudmål om å bidra til å skape 170 nye/sikra arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av 6 år.
  • Søknaden må innehalde forretningsplan/prosjektplan og budsjett for bedrifta(ne) og det omsøkte tiltaket.
  • For bedriftsretta støtte må bedrifta være registrert i Brønnøysundregisteret med forretnings-/ verksemdsadresse i Sykkylven og ha mål om aktivitet i Sykkylven kommune. Det må kunne dokumenterast at omsøkt tiltak er knytt til mål om arbeidsplassar lokalisert i Sykkylven.
  • Det kan gis tilskot til primært forstudiar og forprosjekt med mål om utvikling av forretningsidé, forretningsplan, produkt, produksjonsprosess, marknad, kompetanse og samarbeidstiltak. Tilskot til gjennomføring av hovudprosjekt kan vurderast, men skal primært rettes til andre finansieringsordningar.
  • Det gis ikkje rein arrangementsstøtte. Det gis ikkje støtte til investeringar, ordinære driftskostnader, driftsoppgåver eller lovpålagte oppgåver.
  • For bedriftsretta støtte krevst det eigenfinansiering på 50 % av prosjektets/tiltakets totale kostnadsramme. Eigenfinansieringa kan være i form av egne midler eller egeninnsats, eventuelt en kombinasjon av disse to, minimum 25% i egne midler. Eigeninnsatsen beregnas som 1,2 promille av nominell årslønn, maksimalt kr 800,- per time, dersom ikke annet er avtalt.
  • Midla tildelast i henhald til EØS-avtalens regler om offentleg støtte og gis som bagatellstøtte.

Korleis søker eg omstillingsmidlar?

Ta kontakt, så kan vi ta ein prat om søknad!

- Lise Haukeberg, prosjektleiar for omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune

Telefon

Lise Haukeberg

+47 98 88 22 92