Siste nyttCowork

Korleis behalde unge arbeidstakarar?

Les Ålesund Næringsforening si oppsummering av lunsjseminaret i november: Morgondagens arbeidstakar

korleis-behalde-unge-arbeidstakarar

Under lunsjseminaret hadde vi besøk av Vilde Vågsland frå Opinion, som delte funn frå undersøkinga UNG2024. Gjennom undersøkinga har dei kartlagt kva verdiar som er viktig for generasjon Z (18–25 år), og vi fekk konkrete tips og råd for korleis rekruttere og behalde desse arbeidstakarane i organisasjonen.

Malin Førde frå U37 Sunnmøre fortalde om foreininga for unge leiarar og talent, og løfta særleg fram kor viktig eit sosialt nettverk er for å trivast og utvikle seg i arbeidslivet. Ho utfordra oss til å stille kvarandre spørsmål frå Fuelbox, eit verktøy for relasjonsbygging som dei nyttar aktivt i nettverket.

Les meir om funna frå UNG2024, kva som motiverer generasjon Z, og konkrete råd til arbeidsgivarar i artikkelen til Ålesund Næringsforening:

Les artikkelen til Ålesund Næringsforening her.