Skaparglede næringsutvikling illustrasjon

Råd og finans

Har du eit ønske om å etablere ny verksemd,
eller har di bedrift planar om nye satsingar?

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ynskjer å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå lokalt næringsapparat.

Vi tilbyr rådgjeving og forvaltar fleire tilskotsordningar:

Hoppid-midlar
Omstillingsmidlar
Næringshageprogrammet

I tillegg til at vi forvaltar lokale støtteordningar, har vi også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet.

Vi høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gi rettleiing for korleis du kan ta ideen eit steg vidare.

Ta kontakt for hjelp til å navigere

Hoppid etablerarhjelp

Søk om støtte i dag

I tillegg til Hoppid-midlar og kommunalt næringsfond, har vi i omstillingsperioden til Sykkylven kommune (21-26) ein ekstra pott å dele ut støtte frå. Kanskje kan di bedrift dra nytte av rettleiing og økonomisk støtte for styrka konkurransekraft?

Oppstart

Hoppid-midlar er avklaringsmidlar for å kartlegge forretningsgrunnlaget for din forretningsidé. Kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet kan også gi støtte til oppstarten.

Utvikling

Omstillingsprogrammet kan gi støtte til prosjekt som bidreg til ei berekraftig utvikling av næringslivet - overordna eller i bedriftene. Gjennom omstillingsprogrammet kan ein få støtte til forstudie og forprosjekt. Som målbedrift i Næringshageprogrammet kan bedriften få subsidie til konsulenttjenester, og delta i ulike faggrupper for kompetansepåfyll og erfaringsutveksling med andre bedrifter i Rauma, Vestnes, Nesset og Fjord.

Scroll ned for å lese meir om dei ulike kommunale støtteordningane for etablerte bedrifter, eller om etablerarstøtte for du som er gründer, gjennom Hoppid.

Ta kontakt for råd og rettleiing.

SkaparLINKEN skilt i Pilgata 10, Sykkylven

Du finn oss i Pilgata 10, Sykkylven

Ta gjerne turen innom SkaparLINKEN for å sjå lokala, booke møterom eller jobbe frå fellesarealet. Interessert i korleis vi kan hjelpe deg?

Book eit møte

Ditt lokale næringsapparat:

- Cowork
- Bedriftsrådgjeving og støtteordningar
- Etableringsstøtte
- Sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag & Sykkylven Handelsforening

Omstillings­programmet

[@portabletext/react] Unknown block type "undefined", specify a component for it in the `components.types` prop
Les meir

Næringshage-programmet

[@portabletext/react] Unknown block type "undefined", specify a component for it in the `components.types` prop
Les meir

Kommunalt næringsfond

[@portabletext/react] Unknown block type "undefined", specify a component for it in the `components.types` prop
Les meir

Siste nytt

Siste nytt og inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Aktuelt
aktivitetsrapporten-for-2025

Aktivitetsrapporten for 2025

Aktivitetsrapporten for fjoråret til Sykkylven Næringsutvikling er klar etter eit innholdsrikt år. Les gjennom for å sjå kva vi gjer på i SNU!

Aktuelt
nyhetsbrev-2025

Nyhetsbrev 2025

Les våre nyhetsbrev her, eller meld deg på for å få dei rett i innboksen!