Aktuelt

Kva gjer vi i næringsselskapet?

September 27, 2024
Har du lurt på kva vi driv med i næringsselskapet? Her får du vite meir om kva vi gjer i Sykkylven Næringsutvikling – ditt lokale næringsselskap.‍
Bilde frå tidlegare ope kaffemøte i SkaparLINKEN

Er du ein av dei som har lurt på kva vi driv med i næringsapparatet?

Kanskje har du høyrt litt om det, eller kanskje du har brukt tenestene våre. Uansett, her får du vite meir om kva vi gjer i Sykkylven Næringsutvikling – ditt lokale næringsselskap.

Sykkylven Næringsutvikling AS

Sykkylven Næringsutvikling er kommunen sitt apparat for næringsutvikling. Selskapet blei stifta som eit eige aksjeselskap i 1989, og vert drifta i eit samarbeid mellom Sykkylven kommune og Sykkylven Industri- og Næringslag.

Tilsette

Vi har tre tilsette på heiltid i Sykkylven Næringsutvikling AS: Åsne Folstad, Lill Therese Aurdal Fure og Helene Emdal Loland. I tillegg er Lise Haukeberg tilsett i kommunen i omstillingsperioden.

  • Åsne er dagleg leiar, har ansvar for forvaltningsoppgåver, rådgjeving til lokalt næringsliv, regionalt samarbeid, ulike prosjekt, drift av SkaparLINKEN og sal av eksterne tenester.
  • Lill Therese er rådgjevar i Hoppid-etablerarhjelp, ivaretar sekretariat og rekneskap for næringsselskap og lokale næringslag, rekneskap for 3D-Knitting & Technology, og er prosjektleiar for mellom anna Teknologifestivalen, og årlege destinasjonsbrosjyrer.
  • Helene er prosjektleiar for marknadskommunikasjon. Ho jobbar med nettsider, sosiale media, tekstforfatting, samt planlegging og kommunikasjon av arrangement og prosjekt for både næringsapparatet, næringsforeningar og lokale bedrifter.
  • Lise Haukeberg er prosjektleiar for Omstillingsprogrammet i omstillingsperioden (2021-2026). Ho jobbar med forvaltning av søknadar om omstillingsmidler til utviklingprosjekt i næringslivet, nettverk og fleire ulike prosjekt, som næringsvennleg kommune, skulenær, rekrutteringskampanjar og SMB-utvikling, samt planlegging av ein del frukostmøter og kurs.
Åsne Folstad, Lill Therese Aurdal Fure og Helene Emdal Loland
Omstillingsprogrammet

Då pandemien råka i mars 2020, vart lokalt næringsliv sterkt påverka, og mange vart permitterte. Samtidig vart overføringane til lokale næringsfond kutta. For å få midlar til lokal næringsutvikling, søkte vi om omstillingsmidlar frå fylkeskommunen. Søknaden vart raskt godkjend, og vi utvikla ein plan for eit 6-årig omstillingsprogram.

Med eigenfinansiering frå næringslag, næringsselskap og kommunen vedtok kommunestyret planen i desember 2020. Sykkylven Næringsutvikling leia prosjektet fram til vi rekrutterte Lise Haukeberg som prosjektleiar 1. mai 2021. Programleiar er tilsett i Sykkylven kommune, og Omstillingsprogrammet går frå 2021 til 2026. Målet er å styrke utviklingsevna til lokale bedrifter, og bidra til å sikre og skape nye arbeidsplassar.

Lise Haukeberg
Mål og strategi for næringsutvikling

Hovudmålet vårt er å sikre gode vilkår for det lokale næringslivet, og bidra til ein sterkare og meir berekraftig næringsstruktur. Dette oppnår vi gjennom samarbeid lokalt, regionalt og også nasjonalt og internasjonalt. I omstillingsperioden har vi fire hovudområde:

• Skaparglede i næringslivet, vekst i bedrifter

• Opplevingsnæringar, bygge oppunder lokal reiselivsutvikling

• Legge til rette for samarbeid og nettverk

• Attraktive Sykkylven, med mål om å vere ein næringsvenleg kommune

Mål for næringsselskapet

Vi skal vere ein vegvisar og bindeledd i det offentlege verkemiddelapparatet, og jobbe tett med Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Statsforvaltaren og andre kompetansemiljø. Vi skal rettleie og bidra med finansiering til etablerarar, og dra nytte av dei tilskotsordningane som er tilgjengelege for lokalt næringsliv.

Eit viktig initiativ er SkaparLINKEN, ein cowork og møteplass med låg terskel for å komme innom for rådgjeving og dialog med kommunen si førstelinjeteneste; næringsapparatet.

Vi har sekretariat for lokale næringsforeningar, og sel tenester som til dømes prosjektleiing og andre administrative tenester.

Konkrete tilbod er mellom anna Hoppid-etablerarstøtte, månadlege frukostmøter, drift av kommunikasjonskanalane Skaparglede.no og destinasjonssida Sykkylven.com, destinasjonsbrosjyra Opplev Sykkylven, årleg bransjetreff for møbel- og designindustrien i samarbeid med Norsk Industri/Designindustrien, DogA og Møbelmuseets vener, prosjektleiing av Sykkylven Industri- og Næringslags årlege Teknologifestival, næringshagesamarbeid med Nordveggen i Rauma, administrasjon av 3D-Knitting & Technology og prosjektleiing for nettverket Garden som ressurs.

Som «ei dør inn i verkemiddelapparatet» er vi stadig på utkikk etter potensielle samarbeidspartnarar og ressursar som kan vere til nytte for næringslivet i Sykkylven.

Det var litt om oss. Nysgjerrig på å lese meir?

Her finn du våre årlege aktivitetsrapportar.

Det har med åra vore mange kjekke folk innom, og gode samtalar over borda i fellesarealet i SkaparLINKEN