Workshop om kompetanse
Kompetanseløft på Sunnmøre: Samarbeid for framtidas arbeidsliv. Tusen takk for gode bidrag frå engasjerte deltakarar!

Torsdag 30. april samla næringsliv, kommune og regionale utdanningsaktørar seg i Sykkylven for å drøfte ei av dei viktigaste utfordringane i regionen: korleis sikre rett kompetanse i framtida.
Workshopen er del av eit forprosjekt leia av Sykkylven Næringsutvikling (SNU), i samarbeid med Sykkylven Industri- og Næringslag, Sykkylven vidaregåande skule og Droneakademiet. Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS), Denne Stranda og Næringsfabrikken bidreg også inn i satsinga. Prosjektet har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og skal kartleggje behovet for fleksible og desentraliserte utdanningstilbod på Sunnmøre.
Brei deltaking og felles utfordringar
28 deltakarar frå næringsliv, kommunar, utdanning og offentlege aktørar deltok. Målet var å identifisere framtidige kompetansebehov og korleis ein best kan møte desse i fellesskap.
Deltakarane peika på at kompetansegapet veks, driven av teknologi, demografi og omstilling.
Viktige kompetansebehov
Blant dei viktigaste områda som vart løfta fram:
- Teknisk fagkompetanse som CNC, sveising og automatisering
- Digital kompetanse, IT og cybersikkerheit
- Helse- og omsorgskompetanse
- Leiing, kommunikasjon og mangfald
- Berekraft, innovasjon og grøn omstilling
Det er også eit stort behov for meir fleksible utdanningsløp som kan kombinerast med jobb.
Nye utdanningstilbod på veg
- Fagskolen i Møre og Romsdal startar samlingsbasert droneutdanning i Sykkylven frå 2026
- NTNU Ålesund tilbyr breie vidareutdanningar innan mellom anna digitalisering og berekraft
- Ressurssenteret Nordre Sunnmøre styrkjer tilbodet om vaksenopplæring og kvalifisering
Studiesenter som nøkkel
Eit desentralisert studiesenter vart trekt fram som ei mogleg nøkkel-løysing for å lukke kompetansegapet.
For å lukkast må eit slikt senter:
- Vere tett på næringslivet
- Tilby fleksible og korte utdanningar
- Kople bedrifter og utdanningsmiljø
- Bidra til rekruttering og kompetansekartlegging
Vegen vidare
Konklusjonen frå workshopen er klar: Kompetanseutfordringane må løysast i fellesskap. Bedrifter, kommunar og utdanningsinstitusjonar må samarbeide tett for å sikre framtidig arbeidskraft og verdiskaping.
Eit studiesenter kan bli eit viktig verktøy – dersom det vert utvikla i tett samarbeid med arbeidslivet og med eit sterkt regionalt fokus.