Sykkylven Reiselivsforum på studietur til Hareid
21. mai arrangerte Reiselivsforum Sykkylven studietur til Hareid. Med på laget var også Aura -Påls vener og Bonde- og Småbrukarlaget for å hauste erfaringar for utvikling av attraktive opplevingar.

Første stopp var Ishavsmuseet kor Hareid kommune fortalte korleis dei jobbar med reiselivsutvikling. Christine Erdal i Vekst i Hareid orienterte om deira Garden som ressurs-prosjekt med både reiseliv og lokalmat som innsatsområde, etterfølgt av Melinda Skeide, einingsleiar kultur, som tilretteleggjar og koordinerer deira cruisesatsing. Første cruiseanløp er venta 13. juni. Lokale aktørar har utvikla opplevingstilbod, oppretta eit eige cruisenettverk og fått hjelp frå Destinasjon Nordvest til å marknadsføre tilbodet på internasjonale reiselivsmesser. På Ishavsmuseet fekk vi både omvising, historieforteljing og nydeleg middag servert.
På Hódr Hjørungavåg Vikingsete fekk vi både sjå og høyre historia om korleis dei har lagt ned tusenvis av dugnadstimar og bygd eit mildt sagt imponerande langhus.
Med stort pågangsmot og trua, godt samarbeid mellom kommune og næringsliv, og ikkje minst lokale eldsjeler viser dei at det går an å få til noko heilt fantastisk. Vi vart både inspirert og imponert over kva dei har fått til i lag.
Ole Bjørn Roald, leiar av Aura-Påls vener
Det var ein vel nytta ettermiddag og kveld, med spennande historieforteljing og skildring av korleis dei har utvikla attraktive opplevingstilbod.
seier Johnny Schanke, leiar av Sykkylven Reiselivsforum. Styret i Sykkylven Reiselivsforum, som er ei eiga bransjegruppe under Sykkylven Industri- og Næringslag, var også med på turen sjølve.
Også Leif-Inge Grebstad frå Bonde- og Småbrukarlaget deltok. Han seier dette om studieturen:
Vi har mykje å lære av kvarandre i regionen, og det var inspirerande å sjå kva dei har fått til i lag ute i Hareid.
Alt i alt, ein veldig kjekk og inspirerende ettermiddag!