Siste nyttProsjekt
Sykkylven blir regional base for nytt studiesenter
2,3 millionar kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune til etablering av Studiesenter Sunnmøre, med base i Sykkylven.

Studiesenter Sunnmøre med base i Sykkylven
Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å støtte etableringa av Studiesenter Sunnmøre med 2,3 millionar kroner.
Studiesenteret skal gjere det enklare å ta etter- og vidareutdanning medan ein er i arbeid, og vil vere eit regionalt samarbeid med base i Sykkylven. Sykkylven Næringsutvikling er prosjekteigar og vil koordinere arbeidet i samarbeid med fleire aktørar frå næringsliv og utdanningssektoren på Sunnmøre.
– No må vi berre brette opp ermane,
dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Folstad.
Les meir i saka frå Nyss : https://www.nyss.no/nyhende/n/9p60rq/no-maa-vi-berre-brette-opp-armane