Givande nettverkstreff for Garden som ressurs og reiseliv
9. april var det nettverkstreff på DIS, for reiselivsaktørar og det lokale nettverket "Garden som ressurs"

Det var ein triveleg og inspirerande kveld på DIS, med ærlege innlegg og gode innspel frå dei omlag 35 deltakarane.
Frå scena fekk vi høyre erfaringar frå:
Eidsdal Camping og Stolte Anton
Kirsti Indreeide kunne fortelje at dei er oppteken av å skape gode opplevingar for besøkande frå ulike nasjonar, med formidling av lokal historie og matkultur. Dei produserar lokalmat, leiger ut selskapslokaler og har også nokre events. Innovasjon Norge og Smil midlar har også vore til god hjelp for konseptutvikling og gjenoppbygging av ein ny låve, fekk vi vite.
Bonseye
Bonseye vart etablert i 2018 og har i dag 9 ribb-båtar, der 3 av dei er elektriske. Dei tilbyr guida turar på fjorden og ulike pakketilbod, særleg retta mot cruiseturisme. For dei betyr det mykje å bevare fjordlandskapet og formidle historia til det. I dette innlegget fekk vi gode innspel om “branding” og inspirasjon til korleis ein kan utvikle pakketilbod og auke sal, ved å samarbeide med andre aktørar.
Brennevinsgrova
Harald Strømmegjerde fortalde om si reise med Brennevinsgrova, frå han tok over familiegarden og til i dag. Bodskapem handla om å sjå potensiale og tenkje nytt i forhold til kva tilleggsnæring ein kan ha til vanleg gardsdrift. Harald drog fram viktigheita med å ha ein god dialog med verkemiddelapparatet tidleg i prosessen, for å få mest mogleg ut av rådgiving og aktuelle støtteordninger. Vidare drog også han fram branding og historieforteljing som suksessfaktorar, saman med godt arbeid for innsalg til dei rette personane - der ein bør ha eit langsiktig perspektiv.
Med gode diskusjonar og innspel frå dei oppmøtte oppsummerar vi kvelden med nokre få punkt til ettertanke:
- Bli kjent med identiteten og historia til staden du driv
- Heilhetlege opplevingar gir ofte attraktive tilbod - samarbeid og tilrettelegg for det
- Det å framsnakke kvarandre kan ha mykje å seie, både for den enkelte og for attraktiviteten til bygda i si heilheit
- Små tiltak kan gjere ditt tilbod meir attraktivt - t.d. historieforteljing, gode bilder, framsnakk av andre. Skap ei oppleving med meirverdi rundt ditt produkt, eller som eit pakketilbod i samarbeid med andre
- Nettverkstreffa har blitt ein viktig møteplass for utvikling av lokale opplevingar
Spørsmål vi sit igjen med:
- Korleis få fram motivasjon til at fleire tør å satse?
- Korleis utnytte ressursane vi har?