Siste nyttNæringsforeninga

9. klassingar fekk innblikk i arbeidslivet hos Ekornes

Som ein del av tf UNG under Teknologifestivalen fekk 9. klassingar besøke Ekornes for å lære meir om korleis ei moderne bedrift fungerer, og kva moglegheiter som finst i arbeidslivet.

Under besøket fekk elevane ei innføring i historia til Ekornes, samtidig som dei lærte om dei mange ulike rollene og funksjonane som må til for å drive ei verksemd. Frå produksjon og logistikk til økonomi, marknadsføring og leiing. Elevane fekk sjå at det finst mange vegar inn i arbeidslivet.

  • Vi ønskjer å vise ungdomane at det finst eit stort mangfald av yrke og utdanningsval. Uansett kva retning dei vel, kan kompetansen deira bli verdifull for både Ekornes og andre bedrifter i regionen, fortel Lidvar-Andrè Nilsen i Ekornes.

Besøket gav også elevane innsikt i korleis praktisk arbeidserfaring kan vere eit godt utgangspunkt for vidare utdanning og karriereval. For mange unge kan det vere nyttig å få prøve seg i arbeidslivet for å finne ut kva dei trivst med og ønskjer å jobbe med i framtida.

tf UNG er Teknologifestivalen sitt tilbod til barn og unge, frå barnehage til vidaregåande skule, og skal inspirere til nysgjerrigheit, læring og framtidstru gjennom møte med teknologi, næringsliv og skaparglede.