Premiere! People og the North
I fjor sommar blei ein episode av den internasjonale serien People of the North spela inn her, og no er han klar for premiere. Sjå Sykkylven og fleire kjende lokale ansikt på storskjerm!
Meld deg på
People of the North – Sykkylven på skjermen!
I fjor sommar var eit filmteam på plass i Sykkylven for å lage ein episode av den internasjonale serien People of the North. No er episoden klar – og laurdag 17. oktober blir det premierevisning på Sykkylven Kino og Kulturhus, før episoden skal visast i USA denne hausten.
Gjennom serien får sjåarane oppleve nordiske reisemål gjennom naturen, menneska og livet på staden. I episoden frå Sykkylven får vi sjå kjende lokale ansikt og eit innblikk i naturen, næringslivet, skapargleda og livet i bygda. Episoden varer omlag 30 min. som oppvarming før visninga får ein også sjå den nye bulyst-filmen som vart utvikla i samband med innspelinga.
Ordførar Olav Harald Ulstein og marknadssjef Janne Strømmen frå Ekornes ønskjer velkomen og introduserer filmen.
Visningar kl. 13.00, 15.00 og 17.
Alle er velkomne! Ta med familie, vener eller andre du kjenner, og bli med på premierevisninga.
Sikre deg billett på sykkylvenkulturhus.no – 50 kr per billett.
Nysgjerrig på korleis Sykkylven blir framstilt for amerikanarane i haust?
Då må du ta turen til Sykkylven Kino og Kulturhus laurdag 17. oktober.
Stad: Sykkylven Kulturhus
Dato: 17.10.26
Tid: 13:00