Markedspuls Sunnmøre
Konferansen for deg som jobbar med marknadsføring, kommunikasjon og merkevarebygging.
Meld deg på
Vi deler vidare eit spennande arrangement frå Næringsforeninga i Ålesund: Markedspuls Sunnmøre, som går av stabelen fredag 2. oktober på Quality Hotel Waterfront i Ålesund.
Målet er å samle marknadsførarar frå heile regionen til ein dag med fagleg påfyll, aktuelle tema og erfaringsdeling – og å etablere Markedspuls Sunnmøre som ein årleg møteplass for marknadsføringsmiljøet på Sunnmøre.
På scena står mellom andre Emily Brewer frå Synlighet, Simen Ringen frå Storm Spor og Pål Nilssen frå Enklere Valg. Det blir også lokale perspektiv frå Frank Standal Dybhavn frå Peil, Thomas Nes Myhre frå Conta og Jostein Dahl Gjelsvik frå Up & Away.
Dagen blir avslutta med ein panelsamtale som samlar trådane frå innlegga.
På programmet står mellom anna:
• Dei viktigaste trendane innan marknadsføring
• Korleis bruke AI smart – i dag og framover
• Kanalval: Kvar bør du vere, og kvifor?
• Ekte case frå regionen
Eit aktuelt arrangement for alle som jobbar med marknadsføring, kommunikasjon og synlegheit i næringslivet på Sunnmøre.
Stad: Quality Hotel Waterfront i Ålesund
Dato: 02.10.26
Tid: 09:01