Kva skjer?15. oktober 2026

"Hjelp! Eg er ny bonde"

Har du nyleg teke over eit gardsbruk og ønskjer å starte opp med noko, men veit ikkje heilt kva eller korleis du skal kome i gong? Då kan dette møtet vere noko for deg.

Meld deg på
Illustrasjon med teksten "Hjelp! Eg er ny bonde" og diverse illustrasjoner av ku, sau, gulrot, ei dame som steller blomster, traktor etc.

Møteserie: Garden som ressurs

Del 1: Hjelp! eg er ny bonde.

Har du nyleg teke over eit gardsbruk og ønskjer å starte opp med noko, men veit ikkje heilt kva eller korleis du skal kome i gong? Då kan dette møtet vere noko for deg.

Mange gardsbruk har gode mogelegheiter for alternativ verdiskaping ved sidan av den tradisjonelle landbruksdrifta – anten det handlar om naturbasert gardsturisme, lokal mat, Inn på Tunet, utleige, alternativ bruk av landbruksbygg eller andre formar for næringsverksemd.

På møtet kjem vi til å fokusere på prosessen frå ide til realisering. Gjennom aktiv ressurskartlegging, refleksjon og visualisering ser vi på korleis du kan vidareutvikle garden din og finne fram til eit val du sjølv er komfortabel med. Vi ser på korleis du kan konkretisere ideane dine, kva potensielle fallgruver som finst og korleis du finner fram i «tilskotsjungelen». Samlinga skal gi rom for alternativ tenking og kreativitet, og vere ein uformell møteplass for nettverksbygging og samarbeid.

Agenda:

19:00 – Velkomst v/ styregruppa «Garden som ressurs».

19:05 – Lokalt landbruksnytt frå Sykkylven Bondelag og Sykkylven Bonde- og Småbrukarlag

19:15 – Orientering om tilskotsordningane i landbruket v/ virkemiddelapparatet

19:45 - Orientering om NLR veival – v/Norsk landbruksrådgjeving

19:55 – Kort pause med ein liten matbit

20:10 – Workshop «frå ide til handling» v/ landbrukskontoret

Deltakarane jobbar med eigne case.

Merk! Møtet er ope for alle, uansett om du har gardsbruk eller ikkje, er ny bonde eller allereie godt etablert. Her får du anledning til å møte folk med same interesse, ha idémyldring, og bygge nettverk.

Stad: Info kjem

Dato: 15.10.26

Tid: 19:00 - 21:00