Frukostmøte: Kor godt rusta er vi når det digitale samfunnet blir utfordra?
Cyberangrep og digitale truslar er ei utfordring som angår oss alle. Fredag 25.09 deler Vigleik Hustadnes frå Tussa IKT kunnskap og erfaringar om risikostyring, beredskap og digital sikkerheit.
Meld deg på
Cyberangrep og digitale truslar er ikkje lenger noko som berre skjer langt borte. I Totalforsvarsåret 2026 set vi søkjelyset på korleis både verksemder og lokalsamfunn kan stå betre rusta til å handtere kriser.
Vigleik Hustadnes, leiar for informasjonssikkerheit i Tussa IKT, kjem heim til Sykkylven for å dele erfaringar og perspektiv frå over 30 år i IT-bransjen. Dei siste ti åra har han spesialisert seg innan sikkerheitsleiing. På frukostmøtet får du høyre meir om risikostyring, beredskap og digital sikkerheit – og kvifor dette angår oss alle.
Start dagen med nyttig kunnskap – meld deg på frukostmøtet!
Stad: SkaparLINKEN, Pilgata 10
Dato: 25.09.26
Tid: 08:30 - 09:30