Reiselivstreff i Sykkylven
Sykkylven Reiselivsforum inviterer til reiselivstreff for alle som er interessert i reiseliv, teamet denne gongen er "aktivitet i sentrum".

Sykkylven sentrum har allereie mykje aktivitet, engasjement og gode initiativ.
Men korleis kan vi byggje vidare på alt det positive som skjer, og skape endå fleire gode opplevingar, møteplassar og aktivitetar for folk i alle aldrar?
På dette reisleivstreffet set vi fokus på «Aktivitet i sentrum». Vi ynskjer å samle folk med engasjement, idear og som har lyst til å bidra til at sentrumet vårt held fram med å vere ein levande og attraktiv møtestad.
Sykkylven Reiselivsforum, Sykkylven Handelsforening og Sentrumsvenner vil dele sine tankar og perspektiv.
Har du ein ide, eit innspel eller berre lyst til å vere med i ein god prat om framtida til sentrum? Då håpar vi du kjem!
Saman kan vi skape endå fleire gode opplevingar, og halde liv i eit sentrum vi er stolte av.
Velkomen!
Stad: Næringsfabrikken
Dato: 05.11.26
Tid: 19:00 - 22:00