Fabelaktig fredag - næringslivsarrangement i Sykkylven
Sykkylven Industri- og Næringslag logo

Sykkylven Industri- og Næringslag

Heilt sidan 1948 har lokale bedriftsleiarar stått samla i Industri- og Næringslaget. I dag har foreninga 53 medlemsbedrifter.

Formålet til foreninga er å representere og ivareta interessene til næringslivet i kommunen, mellom anna ved å vere eit felles talerør mot myndigheitene. Styret inviterer til medlemsmøter for å diskutere tidsaktuelle problemstillingar, og løftar felles sakar både til politikarar, media og myndigheiter.

Viktige fanesaker har mellom anna vore infrastruktur med gode veg- og fergeforbindelsar, endra soneplassering for lågare arbeidsgjevar-avgift og endring i permisjonsreglar. Saman har ein lykkast i å påverke til positive endringar for lokalt næringsliv.

Styret i Sykkylven Industri- og Næringslag har styremøte ein gong i månaden, der ein tar opp sakar som er i medlemmane sine interesser.

Er du medlem og har innspel om ei aktuell sak? Ta kontakt med vårt sekretariat i Sykkylven Næringsutvikling.

Medlemsfordelar


Foreninga har som formål å representere og ivareta interessene til næringslivet i kommunen. Som medlem har du også tilgang til fleire andre medlemsfordelar. Bli med i vårt nettverk og kom i kontakt med andre lokale aktørar, med erfaringsutveksling og potensiale for gode samarbeid.

Medlemsbedrifter


Industri- og Næringslaget har i dag 53 medlemsbedrifter, på tvers av ulike bransjegrupper.

Bransjegrupper


Industri- og Næringslaget har medlemar frå fleire ulike bransjar som møbel, bygg & anlegg, bilfag, IT, automasjon, ventilasjon, teknologi, forsikring, reiseliv m.m.

Teknologifestivalen logo

Teknologifestivalen

Ein festival for kompetanseauke, skaparglede og nettverk i regionen. Festivalen skal synleggjere lokal kompetanse, vise moglegheiter og inspirere til utvikling.

Besøk gjerne nettsida teknologifestivalen.com.

For å vise mangfoldet innanfor teknologi ynskjer vi å dele nokre av presentasjonane frå Teknologifestivalen:

2026

2025

2024

  • Makroøkonomiske utsikter, med Sparebanken Møre (PDF)
  • Mennesket og Teknologi, NTT Data (PDF)
  • Sosial bærekraft, Framtidslabben (PDF)
  • Digital produktframstilling Apex4, 3D Knitting & Technology (PDF)
  • Automatiserte lagerløsninger, Solwr (PDF)

2023

E-post

Ta kontakt ved spørsmål.

lill@skaparglede.no

Telefon

Lill Therese Aurdal Fure

+47 960 12 410

Adresse

Sekretariat ved Sykkylven Næringsutvikling AS / SkaparLINKEN

Pilgata 10, 6230 Sykkylven

Kva skjer?

Siste nytt

Aktuelt

Vellykka treff for Garden som ressurs

Mandy og Åsne ønska velkomen til ein kveld for bønder og dei som er interessert i tilleggsnæringar i landbruket. Vi fekk nyttig informasjon frå både Innovasjon Norge, NLR og landbrukskontoret.