Studentar kartlegg plastavfall i Sykkylven - på jakt etter meir sirkulære løysingar

Arbeidet er del av det nasjonale sommarjobbprosjektet Sirkulær plast, støtta av Handelens Miljøfond og gjennomført som ein del av REdu-programmet. Målet er å redusere plastforsøpling, auke gjenvinninga og finne gode løysingar for å redusere plastforbruket i Noreg.
Prosjektet koplar saman studentar, forskingsmiljø og næringsliv for å utvikle praktiske og berekraftige løysingar på plastutfordringane vi står overfor. I 2025 deltek ti tverrfaglege studentteam i prosjektet, og eitt av desse teama jobbar no lokalt i Sykkylven.
NTNU har i samarbeid med Omstillingsprogrammet i Sykkylven fått studentane til å jobbe med ei lokal problemstilling. Utgangspunktet er at Sykkylven kommune er peika ut av fylket som ein av åtte såkalla Sirkulære HUB’ar - eit initiativ som løftar fram kommunar med særleg gode føresetnader for å styrke samarbeid og ressursutnytting i eigen region. Ei kartlegging av avfallsstraumane i kommunen vil gi nyttig innsikt i kva slags ressursar somfaktisk finst - og korleis vi kan utnytte dei betre.
Teamet består av Synne og Jakob, begge 25 år og studentar ved NTNU i Trondheim. Synne kjem frå Lillehammer og skal til hausten begynne på femte året av sivilingeniørstudiet i materialteknologi, med spesialisering innan energilagring. Jakob er frå Oslo og startar på andre året av masterprogrammet i studiar av kunnskap, teknologi og samfunn (STS). Han har tidlegare studert kinesisk ved Universitetet i Oslo.
Vår oppgave vil ta for seg kartlegging av materialstrømmer med fokus på avfall, spesielt plastavfall, i Sykkylven kommune.
NTNU lønner studentane i prosjektet, medan Omstillingsprogrammet i Sykkylven stiller med bustad og bidreg som ein døropnar inn til næringslivet og andre lokale aktørar.
Dei skal kartleggje korleis plast og anna avfall flyt gjennom kommunen - til avfallshandtering og eventuell gjenvinning. Målet er å finne ut kvar det finst forbetringspotensial, og korleis kommunen kan samarbeide betre og meir berekraftig med både innbyggjarar og private aktørar.
Prosjektet gir verdifull praksis og innsikt for studentane, samtidigsom det kan gi grunnlag for nye samarbeidsmodellar innan avfall og ressursbruk– både i Sykkylven og i andre kommunar med liknande behov.
Prosjektet varer gjennom heile sommaren 2025, og blir avslutta med ei sluttrapport som skal delast med kommunen, REdu-nettverket og andre relevante aktørar. Håpet er å bidra til meir sirkulær tenking og betre ressursutnytting – både lokalt og nasjonalt.
Synest du dette høyrest spennande ut, eller ønskjer du å vite meir? Kanskje du representerer ein lokal aktør som ikkje har blitt kontakta, men gjerne vil bidra? Då kan du ta kontakt på synneelinn@gmail.com eller jakobrognst@gmail.com. Dei høyrer gjerne frå deg!