Studietur til Osterøy

Første stopp var på Osterøy vidaregåande skule, der vi fekk høyre om korleis skulen samarbeider med lokale verksemder, og korleis dei brukar robotar i undervisninga - både for yrkesfagelevar, for elevar på studiespesialisering og helse- og oppvekstfag. Samarbeid mellom skule og næringsliv har resultert i både lærlinggaranti og feriejobbar for ungdom kalt Læring i Næring, med god rettleiing og oppfølgjing undervegs.




Vidare gjekk turen til Tøsse Brygghus, eit lokalt bryggeri som held til i den gamle kornmølla Tøsse Mølle. Her fekk vi høyre den spanande historia deira og lære meir om brygginga og utviklinga av verksemda.

På Fjordslottet Hotell vart vi tekne godt imot, og fekk servert lokal mat i vakre omgivelsar.

Onsdag stod fabrikkbesøk på programmet. Først besøkte vi TYSSE, som produserer tilhengjarar av høg kvalitet. Her fekk vi sjå avanserte maskiner og robotar i arbeid - dei skar, bora og bøygde stål med imponerande presisjon.


Deretter gjekk turen til Mjøs Metallvarefabrikk, ei verksemd med røter heilt tilbake til 1800-talet. Dei produserer ulike metallprodukt, og har mellom anna Jets Group som partnar og kunde. Vi var så heldige å få oppleve bronsestøyping medan vi var der.

Etterpå vart det ein rask lunsj på koselege Mjøsvågen Landhandleri før vi drog vidare til Kossdalssvingane - ein nydeleg tursti opp fjellet med fantastisk utsikt.

Siste stopp for dagen var hos K. Lerøy, som mellom anna produserer delar til Stressless-stolar. Der fekk vi sjå spesialtilpassa maskiner og robotar som kan programmerast til eit utal oppgåver.

Dagen vart avslutta med orientering frå leiar av Kompetansesenter for Robotteknologi, Vidar Tufteland, som forklarte korleis bedrifter kan dra nytte av testfasilitetar i bedrifter frå Osterøy til Sykkylven med offentleg finansiering. Ordninga er eit av Siva (Selskapet for industrivekst) sine program for auka konkurransekraft i norske verksemder. Turen vart gjennomført i samarbeid med Sykkylven Næringsutvikling, med delfinansiering frå Omstillingsprogrammet.
Stor takk til Katapulten KORT, Industriutvikling Vest, Osterøy Industrilag, Osterøy Utvikling, Osterøy Vidaregåande Skule, K.Lerøy Metallindustri, Mjøs Metallvare og Tysse for stor gjestfriheit, lærerike og inspirerande presentasjonar!