Teknologifestivalen 2025

Festivalen samla aktørar frå heile landet og baud på eit variert og inspirerande program. Deltakarane fekk innsikt i alt frå kunstig intelligens og innovasjon, til berekraftig teknologi og framtidas kompetansebehov. Fleire av foredraga og demonstrasjonane skapte engasjement både under og etter sesjonane.
Eit av høgdepunkta var den spektakulære demonstrasjonen frå Droneakademiet, som verkeleg fanga merksemda til publikum. Alexander Sandnes gjennomførte ein fjernstyrt droneoperasjon der han lette ei drone frå andre sida av Sykkylven og leita etter ein «person» som hadde falle frå Sykkylvsbrua. Oppdraget vart simulert i sanntid og viste korleis ny teknologi kan nyttast i redningsarbeid og overvaking. Demonstrasjonen vart vist på storskjerm, og mange følgde spent med på korleis drona navigerte presist og effektivt gjennom oppdraget.

Gjennom dagane vart vi trygt og humoristisk leia av konferansierane Øystein Bache og Rune Gokstad, som skapte god stemning frå start til slutt. Under middagen stilte dei i tillegg med underhaldning - og fekk heile salen til å bryte ut i latter då dei danna eit orkester av gulrotfløyter, toppa med trekkspelspel frå scena. I tillegg vart det musikkinnlag fra både Velledalskoret og Robert Post. Det vart ei uforgløymeleg oppleving!



Arrangørane er særs nøgde med gjennomføringa og det store engasjementet blant deltakarane. Tilbakemeldingane tyder på at festivalen ikkje berre har framheva samarbeidet mellom teknologi- og næringslivsaktørar, men òg skapt ny nysgjerrigheit og innovasjonslyst.
Med eit solid grunnlag ser mange alt fram til Teknologifestivalen 2026.
Takk til alle som deltok – og på gjensyn neste år!
For tilbakeblikk på presentasjonar og program - sjå: https://www.teknologifestivalen.com/