Omstillingsprogrammet i Sykkylven: 2026 handlar om å få varige resultat
Omstillingsprogrammet går inn i avslutningsåret 2026 med strammare rammer og tydeleg prioritering av færre, meir målretta prosjekt som gir størst effekt og varige spor i næringslivet og kommunen.

Omstillingsprogrammet i Sykkylven går no inn i avslutningsåret i programperioden – med tydeleg retning: Vi skal halde trykket oppe og prioritere dei tiltaka som gir størst effekt og varige spor i næringslivet, samhandlinga og utviklingsarbeidet i kommunen.
Samstundes går vi inn i 2026 med strammare rammer (totalramme om lag 3,6 mill. kr, mot 5,6 mill. kr i 2025). Det betyr at vi må velje færre og meir målretta prosjekt, og følgje dei tettare for å sikre best mogleg resultat.
Gjennom 2025 hadde programmet høg aktivitet, og mykje samarbeid skjedde:
- 18 utviklingsprosjekt vart innvilga i bedrifter og nettverk
- Programmet bidrog til 17 nye og sikra arbeidsplassar (13 sikra + 4 nye)
I 2026 inviterer vi næringslivet til å nytte moglegheita som ligg i omstillingsmidlane – særleg for prosjekt med vekst- og verdiskapingspotensiale, gjerne i samarbeid med andre aktørar.
Kontakt
Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune:
Lise Haukeberg
Telefon: 98882292
E-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no
Les meir om omstillingsarbeidet i Sykkylven på kommunen si nettside: