Siste nyttAktuelt

NTNU-studentar kartlegg plastavfall i Sykkylven: Ny kunnskap som kan styrke næringsliv og busetting

Denne sommaren har to engasjerte studentar frå NTNU vore i Sykkylven for å kartleggje plastavfall og materialstraumar. Resultata er no klare i ein sluttrapport, som vil bli delt med både kommunen og lokale næringsaktørar.

ntnu-studentar-kartlegg-plastavfall-i-sykkylven-ny-kunnskap-som-kan-styrke-naeringsliv-og-busetting

Studentprosjektet «Sirkulær plast» inngår i sommarjobbinitiativet REdu, som er støtta av Handelens Miljøfond. Målet er å redusere plastforsøpling, auke gjenvinning og utvikle meir sirkulære løysingar i Noreg. Sykkylven er også ein av åtte kommunar i Møre og Romsdal valt ut som Sirkulær HUB – ein posisjon som løftar fram regionar med særleg potensial for samarbeid og ressursutnytting.

«Den kunnskapen som Synne og Jakob har samla inn her i sommar vil kunne gje næringslivet vårt ein god start for å begynne å sjå på kva sirkulære løysingar ein kan jobbe med i fellesskap lokalt», seier Lise Haukeberg, som har sørga for at studentane har hatt ein plass å bu i sommar og ein arena for å byggje seg nettverk i Sykkylven.

Omstillingsprogrammet har samarbeidd med NTNU for å få til prosjektet. I tillegg har Synne og Jakob delteke på det heilt nye summer internship-programmet «ILAG» i Sykkylven, der dei har fått vere med på mange aktivitetar gjennom sommaren.

«ILAG har vore så verdifullt for meg når det gjeld å skaffe seg nettverk og med tanke på aktivitetar i sommaren. Det er ikkje lett å kome heilt åleine til ei ny bygd, men med eit slikt initiativ har det gjort det mykje lettare. Eg reiser frå Sykkylven med meir enn berre jobberfaring – også ein god venegjeng og nye minner.» forklarar studenten Synne.

Kartla plastavfallsflyten i kommunen

Studentane Synne (sivilingeniør, materialteknologi) og Jakob (masterstudent, teknologi og samfunn) har gjennom sommaren kartlagt plastavfallsflyten i kommunen – frå forbruk til avfall og eventuell gjenvinning. Målet har vore å avdekkje forbetringspotensial og finne tiltak for meir sirkulær ressursbruk, med konkrete og praktiske vriar.

«Det har vore eit spanande og lærerikt prosjekt der eg har fått moglegheit til å lære meir om både sirkulær økonomi knytt til avfallshandtering og Sykkylven som industribygd og kommune. Det har òg vore givande å møte ulike bedrifter i kommunen for å lære meir om kva dei driv med, og deira tankar rundt sirkulær økonomi.» seier Jakob.

Sykkylven kommune takkar studentane for deira engasjerte innsats og heiar fram desse initiativa. Vi ser dette prosjektet som ei verdifull investering i framtida – både for lokalsamfunnet og næringslivet.

Denne typen samarbeid med NTNU og forskingsmiljø gir oss:

  • Eit solid kunnskapsgrunnlag for berekraftig avfallshandtering og ressursutnytting.
  • Identifisering av forbetringspotensial som kan føre til kostnadsbesparingar og meir effektiv ressursbruk.
  • Innovative samarbeid mellom forsking, næringsliv og forvaltning, som kan inspirere til fleire liknande initiativ.
  • Styrka bulyst og tilflytting, ved at kommunen blir ein attraktiv arena for kompetanse, utvikling – og miljøvennlege initiativ.

Vidare samarbeid og bruk av kunnskap

Sluttrapporten frå studentane vil gå til Sykkylven kommune, REdu-nettverket og andre relevante aktørar. Den kan danne grunnlaget for konkrete tiltak – både i kommunen si avfallshandtering og i næringslivet si utnytting av ressursar.

«Vi meiner Sykkylven har gode føresetnader for å bli ein modellkommune innan sirkulær økonomi. Samstundes trengst det betre oversikt over lokale avfallsstraumar, og ein aktør som kan samle ulike partar og byggje tillit. Her kan kommunen spele ei nøkkelrolle.» fortset Jakob.

Sykkylven kommune ser fram til vidare dialog om korleis desse innsiktene kan omsetjast til handling, og inviterer både næringsaktørar, innbyggarar og andre samarbeidspartnarar til å ta del i dette prosessarbeidet.