Digitale nomadar i Geiranger - har du fått det med deg?
Om du har høyrt om digitale nomadar, så er dette noko vi no vil utforske meir i Sykkylven. Kommunen er med i EU-prosjektet EDIN (European Digital Nomads), der vi jobbar saman med andre stader for å sjå korleis ein kan tiltrekke seg folk som kan jobbe digitalt - og som ønskjer å bu og leve ein plass ei periode.

Geiranger er også med i prosjektet, og har dei to siste åra testa eit spanande opplegg i mørketida, der dei inviterer digitale nomadar hit for å oppleve lokalsamfunnet og jobbe herfrå. Dette inspirerer oss - og vi er opne for å få til noko liknande i Sykkylven vinteren 2027.
For å få det til treng vi ei grend eller eit lokalsamfunn som har lyst til å vere vertskap og vere med å forme konseptet saman med oss.
Vil du vite meir, eller sjå om dette kan passe i ditt nærmiljø?
Ta kontakt med Lise Haukeberg, programleiar i omstillingsprogrammet og Sykkylven sin representant i EDIN-prosjektet.
Kontakt: Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune, Lise Haukeberg tlf: 98882292 e-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no