Kva skjer?30. april 2026

Workshop om kompetanse

Kva for utdannings- og kurstilbod treng vi for tilsette framover?

Meld deg på
lærling med maskin

Emne

Kva for utdanningstilbod treng lokale bedrifter og offentlege verksemder framover?

Invitasjon til workshop på Næringsfabrikken i Sykkylven torsdag 30. april kl. 09.00 - 12.00.

Kven?

Bedrifter i Sykkylven og Stranda møter skuleeigarar. Alle bedrifter og offentlege verksemder er velkomne.

Her møter vi representantar for Møre og Romsdal fylkeskommune, vidaregåande skular, Fagskulen i Møre og Romsdal, Ressurssenteret Nordre Sunnmøre og NTNU i Ålesund.

Kva?

Denne dagen kan du kome med innspel til kva du forventer av utdanningstilbod som di verksemd vil trenge framover.

Ikkje la sjansen til påverknad gå i frå deg. Her møter du dei som jobbar for best mogleg tilbod framover, med spesielt fokus på desentraliserte og fleksible tilbod der du og dine kollegaer bur. Send vidare internt til dei som du meiner bør ha noko å melde her, og gjerne fleire frå di bedrift.

Kvar og når?

Næringsfabrikken, Sykkylvsvegen 125, kl. 09-12 inkl. lunsj frå kl. 12.

Dette er sjansen til å diskutere med andre om kva vi treng mest av framover, og korleis vi best kan rigge oss for å sikre fagtilgang og rekruttering i åra som kjem.

Arrangørar er Sykkylven Industri- og Næringslag, Droneakademiet, Sykkylven vgs., Næringsfabrikken, MAFOSS, Denne Stranda og Sykkylven Næringsutvikling.

Stad: Næringsfabrikken

Dato: 30.04.26

Tid: 09:00 - 12:00