Kva skjer?10. juni 2026

Sykkylvsdagane 2026

10. - 14. juni er det duka for Sykkylvsdagane 2026 - festdagar for heile familien.

Meld deg på
Bilde av folkemengde i Sykkylven sentrum, med ballongar og fleire stands/ telt.

Arrangement for fellesskapet

Sykkylvsdagane arrangerast kvart år og byr på ulike aktivitetar og arrangement, som Kaikonsert, bygdmeisterskap i quiz, moteshow, bingo, tivoli, familiedag ved Bronsealdarhuset og gratiskonsert i sentrum m.m.

Festdagane har fokus på det sosiale og fellesskapet. Gjennom stands og aktivitetar får vi sjå kva bygda vår har å by på (som er mykje!), både av lokalmat, bedrifter, lag og organisasjonar.

Det er Sykkylven Handelsforening som er arrangør, og dei har eit mål om at dagane ska by på noko for alle. Fleire av arrangementa og aktivitetane kan ein derfor delta på kostnadsfritt.

Er du interessert i å ha stand i sentrum,

eller sponse arrangementet og bidra til kjekke dagar for fellesskapet?

Ta kontakt med Lill Fure på lill@skaparglede.no

Stad: Sykkylven sentrum

Dato: 10.06.26

Tid: 10:00 - 18:00