Kva skjer?1. juni 2026
hoppid.no Oppstart
Har du ein forretningsidé du ynskjer å utvikle? Over tre veker deltek du på ti digitale samlingar der du får verktøy, innsikt og rettleiing til å forme og vidareutvikle ideen din.
Meld deg på
Om hoppid.no Oppstart
Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.
Kven passar det for?
Programmet passar for deg som har eit produkt, tjeneste eller forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
Stad: Nettbasert
Dato: 01.06.26
Tid: 12:00 - 13:30