Kaitrappa i Sykkylven - etablere bedrift

Etablere bedrift

Er du vår neste gründer?

Opp gjennom historia har Sykkylven husa eit mangfold av gründarar med pågangsmot og gode idear. Kanskje er du vår neste gründer?

Vi er di støtte i oppstarten:

Som nyetablerar i Sykkylven kan du vere ein god kandidat for støtte og rådgiving gjennom fleire av våre program.

Gjennom Hoppid kan du få etablerarhjelp både i form av støttemidlar, rådgjeving og ulike kurstilbod, fysisk og digitalt.

Er du nyetablerar kan du også søke om økonomisk støtte til utviklingsfasen, gjennom kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet.

Ta kontakt for oppstartshjelp - vi vil gjerne høyre om idéen din.

Hoppid - støtte til gründerar

Hoppid

Hoppid midlar er eit lavterskel tilbod til deg som har planar eller ynskje om å starte di eiga bedrift, og er ei støtte gitt i tidleg fase. Desse midla skal gi ei avklaring, eller starthjelp til å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for vidare satsing. Midlane kan mellom anna gå til bedriftsrådgivning, marknadsundersøkingar, forretningsutvikling, prototyping o.l. Fysiske investeringar kan ikkje Hoppid gi støtte til. Frå hoppid.no midlane kan ein få inntil kr. 30 000,- i støtte.

Her kan du lese meir om Hoppid.

Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon og rådgivning til: lill@skaparglede.no

Hugs også å følge med på aktivitetskalenderen "Kva skjer?" for aktuelle Hoppid-kurs. Du kan også melde deg på vårt nyheitsbrev nederst på sida.

Treng du råd og finansiering?

Me hjelper deg med rådgjeving, finansiering og tilskot for å realisere forretningsideen din.

Sjå råd og finans
SkaparLINKEN kontorfellesskap

Cowork eller anna næringslokale

Velkomen til coworken SkaparLINKEN - kontorfellesskap, møteplass og nettverksarena.

Her har vi møterom, cellekontor, ope fellesareal eller kontorplass i ope landskap, til leige for korte og lengre periodar.

Næringslokale eller næringsareal i Sykkylven?

Treng du større eller mindre lokaler til di bedrift? På utkikk etter næringsareal i Sykkylven? Kanskje har du eit lokale eller areal til disposisjon? Her fins både offentlege og private eigedomar som kan vere aktuelle. Ta kontakt, kanskje kan vi hjelpe deg å finne noko.

Siste nytt

Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven

Gründer
held-koken-etter-opning

Held koken etter opning

Etter at både Gullnåla opna og Jord og Fjord flytta inn i nye lokale før sommaren, har interessa frå kundane vore stor - sjølv om hausten har bydd på rolegare dagar.

Gründer
popup-x-ramo-studio

POPUP x Ramò Studio

Frå 4. oktober tar Ramona frå Ramò Studio over i POPUP'en i Aure sentrum. Ho produserer handstøpte lys, duftlys og interiørartiklar som er både unike og handlaga med stor kjærleik og presisjon.

Gründer
hole-geoscanning

Hole Geoscanning AS

Helga Hole og Espen Hove fortel om oppstarten av Hole Geoscanning AS og kompetanseprogrammet SMB-utvikling.