Bu her

Kanskje er du kjent i Sykkylven, da veit du at Sykkylven er innfallsporten til Sunnmørsalpane. Men, kanskje veit du ikkje ein gong kvar denne bygda er? 

På nordvestlandet finn du oss - og det er faktisk mange vegar som førar inn til Sykkylven. Om du vil vite meir om kommuna vår, kva Sykkylven har å by på, skular, barnehagar, kulturtilbod, med meir - kik innom Sykkylven Kommune sine sider.

Fritid i Sykkylven

Vi har mykje kjekt på programmet her i bygda og mange perler å besøke.

Sjekk ut sykkylven.com og Sykkylven Kulturhus for arrangement og aktivitetar.

I vår eige reisemålsbrosjyre, Opplev Sykkylven, får du god oversikt over tilbod i kommunen. På Stikk ut finn du fine turmål i forskjellige vanskelighetsgradar.

Halde deg oppdatert på tilbod i dei lokale butikkane? Følg @sykkylvenhandelsforening på Facebook og Instagram.

Næringslivet i Sykkylven

Sykkylven og sykkylvingar er kjend for å ha sterk entreprenørånd.
Vi kallar det skaparglede.

Sykkylven har i dag ein sterk møbelindustri med røter tilbake til 1800-talet. Dette er bedrifter som har ein høg del eksport. Vi har også ein god variasjon med små og store bedrifter i bransjar, opplevingsnæringar i vekst og eit mangfaldig handelssentrum.

Næringslivet i Sykkylven er nysgjerrig og risikovillig, derfor er bedriftene her også langt framme i den teknologiske utviklinga.
Teknologibygda kan vi eigentleg kalle oss.

Ute etter jobb? Kanskje er du vår neste tilflyttar?
Sjå ledige stillingar i Sykkylven på arbeidsplassen.no / finn.no

Sjå aktivitetskalender for næringslivet.

Siste nytt

Hent inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven!

Bu her

Sjekk ut Trainee Sunnmøre! Søknadsperiode februar-april

June 12, 2025
‍Er du klar for å utforske mulighetene i eit traineeprogram som lar deg bygge erfaring på tvers av bransjer og bedrifter? Trainee Sunnmøre gir deg eit solid springbrett til karrieren.
Bu her

Teknologibygda

July 3, 2023
Sykkylven er frå tidlegare kjend for å vere ei "møbelbygd". Med automatisering og digitalisering, har mykje ny teknologi inntatt industrien og Sykkylven vert i aukande grad omtalt som "teknologibygda".
Bu her

Velkomen til Sykkylven

June 30, 2023
Er du vår nye innbyggar?
Bu her

Handelssentrum

September 11, 2023
I Sykkylven finn du eit kompakt og innhaldsrikt handelssentrum med små nisjebutikkar, tett i tett. Her er det meste i gåavstand.