Bu her

Teknologibygda

July 3, 2023
Sykkylven er frå tidlegare kjend for å vere ei "møbelbygd". Med automatisering og digitalisering, har mykje ny teknologi inntatt industrien og Sykkylven vert i aukande grad omtalt som "teknologibygda".

Teknologibygda

I industrien i Sykkylven er der mykje fokus på automatisering og forenkling av produksjonsprosessar. Per i dag har vi omlag 190 industrirobotar i drift i bygda. Det representera over 10% av alle industrielle robotar i Norge. Med det er Sykkylven blant dei med høgast robottettleik i landet og kanskje også i Norden.

Fleire lokale bedrifter sit med mykje erfaring og høg kunnskap innan vareproduksjon og automatisering. Industrien jobbar også tett i lag med Sykkylven vidaregåande skule.

Nytt av året er lansering av Teknologifestivalen i Sykkylven, som var i regi av Sykkylven Industri-og Næringslag.

Målet med festivalen var å dele kunnskap for å auke teknologikompetansen i bygda og regionen. Ein ville også inspirere til ei berekraftig utvikling og styrke samarbeidet mellom bedriftene. Arrangementet gjekk frå 1.- 2. juni og vart ein stor suksess. Les meir om Teknologifestivalen her.