Det blir ILAG også sommaren 2026! Spre ordet!

ILAG handlar om å skape eit sosialt og inkluderande fellesskap utanfor arbeidstid – med varierte aktivitetar, låg terskel og nye møteplassar. I 2025 vart det gjennomført heile 30 aktivitetar gjennom sommaren, og evalueringa viser at deltakarane i stor grad opplevde at det var lett å bli kjent med nye folk, og at dei kjende seg inkluderte og velkomne.
Vi kjem med meir informasjon snart: Stillinga som ILAG-koordinator for sommaren 2026 blir lyst ut no om kort tid, og etter det opnar vi for at målgruppa kan søke om å bli med i programmet. I 2025 hadde vi 20 plassar, og vi tek sikte på å tilby om lag det same i 2026.
ILAG er ein del av den felles satsinga på å gjere Sykkylven meir attraktiv for unge talent – og for arbeidsgivarane handlar det om å bygge relasjonar og trivsel som kan vare lenger enn sommaren.
Vil de vite meir, eller få ein prat om korleis de kan bidra og kople dykkar sommaransatte på? Ta kontakt med Lise Haukeberg, programleiar i omstillingsprogrammet. Sjekk også ut og følg instragramkontoen ilag.sykkylven der meir info vil kome!
Kontakt: Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune, Lise Haukeberg tlf: 98882292 e-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no