Sykkylven Industri- og Næringslag
Industri- og næringslaget har samla lokale bedrifter i ei foreining heilt sidan1948, og har i dag 42 medlemar.
Formåleter er å representere og ivareta interessene til næringslivet i Sykkylven, mellom anna ved å vere eit felles talerør mot myndigheitene.
Styret inviterer til medlemsmøter for å diskutere tidsaktuelle problemstillingar, og løfter felles saker både til politikarar, media og myndigheiter.
Viktige fanesaker har mellom anna vore infrastruktur med gode veg- og fergeforbindelsar, endra soneplassering for lågare arbeidsgjevar-avgift og endring i permisjonsreglar. Saman har ein lykkast i å påverke for positive endringar for lokalt næringsliv.


Medlemsinformasjon
Som medlem kan du delta i eit nettverk for lokale bedriftsleiarar, og vere med å påverke kva vi skal prioritere å løfte fram av aktuelle problemstillingar. -Du blir kjend med andre lokale bedriftsleiarar, og får eit godt nettverk for deg og di bedrift.
Medlemar av Sykkylven Industri- og Næringslag kan du mellom anna delta i straumavtalen vi har inngått med Wattn, som har gitt gode medlemsfordelar i fleire år.
Våre medlemar

Siste nytt
Siste nytt og inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven.

Lokale reiselivsaktørar samlar kreftene i ny bransjegruppe!

Inngår samarbeid med Næringsforeningen Ålesundregionen
Sykkylven Industri- og Næringslag med tydeleg beskjed

Nyborg med nye kontrakter i Equinor-prosjekt
