Næringsforeninga

Teknologifestivalen i Sykkylven

August 25, 2023
Juni 2023 hadde vi for fyrste gong Teknologifestival i Sykkylven. Festivalen skulle synleggjere den eineståande lokale teknologikompetansen, vere ein nettverksarena og inspirere til utvikling. Det vart innhaldsrike og kjekke dagar for store og små!

Teknologi og industri

Teknologi kjem ein ikkje unna. Det handlar ikkje lenger berre om konkurransefortrinn og effektivitet. Med eldrebølga ventar vi eit kompetansegap i fleire bransjar – ein mangel på gode teknologar, helsepersonell og lista fortsetter. Satsing på ny teknologi og automatisering vert heilt nødvendig for å kunne nytte kompetansen der den trengs mest. Det er ei rivande utvikling og ein kan bli småsvimmel berre av å høyre om det. Korleis ta fatt på noko slikt?

Sykkylven Industri- og Næringslag to the rescue!

Festivalsjef Per Kjetil Våtmyr, frå Sykkylven Industri- og Næringslag, gjekk inn med byggmester Bob attitude då han bestemte seg: No vart det alvor - og fest.

Møbelbygda Sykkylven har med tida opparbeida seg betydeleg kompetanse innan teknologi og automatisering av produksjonsprosessar. Når ein sjølv ser kva slikt kan gjere for ei bedrift, får ein fort ein trong til å spreie det glade bodskap. Til grunn låg ein filosofi om at ein kvar har eit samfunnsansvar, at nettverk er ei gullgruve og at ein styrka region kjem oss alle til gode.

«Go big or go home», sei dei. Denne gongen gjorde ein begge delar og Teknologifestivalen vart ein realitet. To inspirerande dagar med ny kunnskap, mingling og gode diskusjonar, vart toppa med bedriftsbesøk og eit nostalgisk fjordcruise vi seint vil gløyme. Vi sit igjen med utvida nettverk, ny motivasjon og fleire tips til risikoreduserande vegar inn i nye satsingar.

Foto: Tommy Rasmussen. Bedriftsbesøk på Ekornes.

Teknologifestival for barn og ungdom

Som om ikkje dette var nok å juble for vart det også arrangert teknologifestival for både barn og ungdom. Sykkylvingar har det gjerne med å ville inkludere den yngre garde, og dette vart ingen unntak. For å utnytte potensialet i noko så tidsriktig som ein teknologifestival, gjeld det også å tenkje framover og så ein spire for at framtidig arbeidskraft også skal få ei interesse i teknologi.  

Sykkylven Bibliotek heldt fokus på teknologi heile veka og inviterte barnehagebarn, samt 3. og 4. klassingar frå heile bygda til Barnas Teknologifestival, med leik og programmering. Barna fekk bryne seg på Beebots og Spheros kuler, sponsa av medlemsbedrifter i Sykkylven Industri- og Næringslag. Laurdag heldt biblioteket opent for alle, med same aktivitetane.

Beebots

Besøket hjå biblioteket var ein av fleire aktivitetar som var arrangert for 3. og 4. klassingane, i samarbeid med Sykkylven ungdomsskule og elevane ved 9. trinn:

  • lego league
  • analog koding utandørs  
  • koding med sphero kuler på biblioteket
  • musikk og teknologi
  • escape room og matematikk
  • teknologi og naturfag på lab

Samarbeidet hausta skryt frå alle leirar og var tilsynelatande svært givande både for borna som hadde «verdens beste dag!» og ungdommen som tok oppgåva seriøst, og gjennomførte med glans.

Elevane i 9. klasse fekk og sin eigen teknologidag under festivalen. Her vart 9. trinn frå både Sykkylven og Stranda invitert til:

  • Bedriftsbesøk ved Ekornes
  • Bedriftsbesøk ved Griff Aviation
  • Besøk på robotlabben ved Sykkylven VGS, med VR-teknologi, programmering av robotar og appstyrte Spheros kuler m.m.

Sykkylven VGS var altså også involvert, både gjennom robotlabben og under den meir konferanseprega festivalen, som var retta mest mot industrien. Der bidrog dei mellom anna med programmering av ein vaffelsteikande robot i pausane. Glade festivaldeltakarar trakk enda litt til på smilebandet, då vaffeldufta spreidde seg i kulturhuset.  

Foto: Tommy Rasmussen

Teknologifestival 2024?

Alt i alt vart det innhaldsrike dagar og ein stor suksess. Teknologifestivalen vart ein arena for nettverksbygging, ny kunnskap og ny motivasjon. Volumet vart høgt under mingling i pausane og praten gjekk lett mellom deltakarane. Mange har begynt å glede seg til neste runde, oss sjølv inkludert, og det er allereie fleire som har ønskja seg på scena til neste år.

Den framtidige arbeidskrafta gler seg til Teknologifestivalen 2024 og har forutan om ei klage, gitt berre positive tilbakemeldingar. Den klagande part var så uheldig å ikkje vere i nokon av klassetrinna som vart invitert og skulle gjerne også blitt med.

Målet vart nådd for i år, men vi lar oss ikkje stoppe - Den gule byggmester Bob hjelmen skal ganske snart på igjen.

- Det blir sjølvsagt Teknologifestival også i 2024!

PS: Byggmester Bob har sjølvsagt eit team som har stått på for å få dette i hamn. Det heile hadde heller ikkje vore mogleg utan nettverket. Sponsing frå bedrifter og samarbeid med skulane gjorde festivalen til ein realitet. Tusen takk til alle bidragsytarane!

Yours truly, Sykkylven Industri- og Næringslag.

Lunsj og minglepause